Kjersti Våge på Hannåsvollen Gård. Foto
Kjersti Våge på Hannåsvollen Gård. Foto: Øystein Moi

Oljemeklaren som slo seg ned på Hannåsvollen


I meir enn sju år reiste Kjersti Våge i teneste som godt løna oljemeklar på den internasjonale marknaden. Kontoradresse i hovudstaden – ein hektisk og stressande kvardag som ho så avgjort ikkje lengtar attende til.

Tekst/foto: Øystein Moi

– Det einaste eg produserte var pengar. Ei kald og upersonleg bransje. Brått ein føremiddag kom det føre meg ei slag openberring, utan at eg på noko vis kan forklåre deg kva dette eigentleg var.

– Ein dryg klokketime seinare sa eg opp jobben min som oljemeklar utan å ha den minste peiling på kva eg no skulle fylle kvardagen og lønningsposen med. Ei tøff avgjerd, men tru meg – eg he ikkje angra på dette ein einaste dag, seier Kjersti Våge på klingjande og usminka Haugesundsdialekt.

– Sjølv om eg aldri nokon gong he kalla meg kunstnar, så er det likevel ikkje nokon stor løyndom at eg trivast svært godt med ein målarpensel i handa. Den fyrste tida måla eg stort sett på alt eg kom over – postkasser, mjølkespann, treramm– er og anna lausøyre som dukka opp på livsvegen.

Kundane vart etter kvart mange – og dei vart nøgde. Salet gjekk strykande. Kjersti fekk seg raskt eit namn som proffesjonell amatørkunstnar på Haugalandet, og levde av denne verksemda i heile14 år. Ein arbeidsdag – og ein livskvalitet langt unna kva ho opplevde som oljemeklar på den internasjonale marknaden nokre år tidlegare.

I fleire år hadde Kjersti, og mannen Jan, vore på leit etter eit høveleg småbruk. Dei søkte båe to det gode livet på landbygda. Eit triveleg tun med stabbur, uthus, grøne grasvollar, gode grannar – og kvitrande småfuglar på vitjing på svalande sumarkveldar På Hannåsvollen, i botnen av Brennevinskleiva på Hornnes, fann dei sitt eige paradis. Kjersti og Jan. Saman la dei planar for livet – for framtida. Dei restaurerte både låve, uthus – og sethus. Deira store livsdraum fall på plass, dag for dag. Den flotte butikken på låven, på Hannåsvollen Gård, vart meir og meir for eit landemerke å rekne. Ei verksemd som etter kvart vekkja åtgaum øve store delar av landet. I dag omtala som ein av dei aller største frittståande interiørbutikkane i heile Noreg.

Stykket held fram under biletet

Foto: Øystein Moi

– Livet vert ikkje alltid slik ein tenkjer seg, seier Kjersti.

Ho vert blank i augo. Minnene. Kjenslene. Det er ikkje alt det er så lett å setje ord på. For nokre år sidan døyde Jan, brått og uventa.

– Det har vore ei tøff og vanskeleg tid, seier Kjersti.

Eg legg bort kulepennen for eit bel. Det vert ein djup og god samtale under tuntreet på Hannåsvollen. Ein samtale om livet, om kvardagen – og om uvissa.

– Saknet kan ingen take frå meg, men no har eg beint fram byrja å smile igjen, seier Kjersti og serverer både kaffe og nysteikte, stuttreiste ”lapper.”

På tunet tripper kjøtmeisa, og sola senkjer seg varsomt ned attom skogbrynet – på Sveindal. Det blømer i hagen på Hannåsvollen. Livet ber bod om gode dagar.

Interiørbutikken på låven, på Hannåsvollen, har vorte eit omgrep for vegfarande og handlande frå store delar av Sørlandet – både sumar og vinter. Stadig nye kundar parkerer i botnen av Brennevinskleiva for å oppleve butikken, den gode atmosfæra, gjestfridomen – og stilla ute i den trivelege hagen. Kjersti er på alle måtar ei heilt annleis forretningskvinne enn kva du ofte finn på tradisjonelle handlesenter i meir urbane strok. Ho brukar heller ikkje ei einaste krone på marknadsføring. Nøgde og trugne kundar er hennar aller beste ambassadørar.

– Eg må ha ein god ballanse i livet – eg må ha fokuset mitt på noko heilt anna enn penger og omsetning til ei kvar tid. Eg driv forretning meir med hjarta enn eg gjer med hovudet. Her på Hannåsvollen møter eg stadig, kvar dag om du vil, nye – spanande og venesæle mennesk frå fjern og nær. Ja einskilde kjem beint fram innom berre for å slå av ein prat i ein elles så hektisk og materialistisk kvardag. Den gode samtalen betyr så uendeleg mykje for oss som medmenneskje, for gode grannar – og for gode vener. Eg liker så uendeleg godt å sjå menneska – ikkje berre kundane.

Kjersti lærde mykje av Jan. Han var utdanna «coach» – og ein menneskekjennar av dei heilt sjeldne. Saman la dei planar for framtida, for Hannåsvollen – og for det gode livet. Lagnaden ville det annleis. Sjølv om denne livsvisdomen, livsrøynsla, er ei verdfull rettesnor for Kjersti i kvardagen. Kvar einaste dag. Slik held ho minnene levande – slik fører ho livsdrøymen vidare. I einsemd – men ikkje einsam.

Det er ingen tvil om at interiørbutikken på Hannåsvollen er ei blømande verksemd på meir enn ein måte. Kjersti kan fortele at ho sjølvsagt he planane klåre for nye utvidingar – og nye prosjekt. Om dette er på låven, i løa – eller i gjødselkjellaren, ja det fær eg så visst ikkje vete denne kvelden – av jenta som driv forretning meir med hjarta enn med hovudet. Kjersti held ein låg profil i lokalmiljølet. Ho treng ingen talarstol. Lågmælt, stundom tankefull. Ei tøff og sjarmerande jente som veit kor skåpet skal stå, som veit kva kundane ynskjer – og som veit kva som skal til for å lukkast i forretningslivet. I livet.

At ein av Noregs absolutt største, frittståande interiørbutikkar ligg i botnen av Brennevinskleiva er neppe heilt tilfeldig – og spør du Kjersti Våge i dag om prisen på eit fat med Nordsjøolje, ja så he ho ikkje den aller minste peiling.

Eg pakkar i hop skrivesakene mine. Ei gild stund er til ende. Kjøtmeisa he funne seg ein kvileplass på stabburtaket. Huskatten kjem ruslande heim etter ei hektisk friarferd i grannelaget. På låvebrua venter ein veninnegjeng frå Lyngdal. Truleg ei syforening. Frå Kvavik. Kjersti serverer ei ny ladning med «lapper» – og syforeninga tripper nyfikne inn på låven. Om jentene er på Hannåsvollen for å handle ny lysekrone, nye sofaputer – eller ein stasleg og blankpussa lysestake, ja det finn eg aldri ut av. Lyngdalsjenter er vel som jenter flest, dei søkjer den gode opplevinga. Dei handlar med hjarta – meir enn med hovudet.

Foto: Øystein Moi

Stykket har tidlegare stått på trykk i Fædrelandsvennen. Det er også med i Øystein Moi si bok Moi møter mennesker, som kom ut hausten 2024. Du kan lese meir om det her. Boka er diverre utseld.

Del "Oljemeklaren som slo seg ned på Hannåsvollen"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.