Rigmor Flaat og Nils Gjermund Østerhus vil gjerne kome i gang med ein parsellhage for alle på Fennefoss. Bak dei ligg åkeren og ventar spent på kven som vil bruke han til våren. Foto: Geir Daasvatn

Parsellhage i Evje og Hornnes – spennande nytt prosjekt!

Rigmor Flaat i Setesdal Hagelag og gardbrukar Nils Gjermund Østerhus m.fl. går i bresjen for å få til ein parsellhage ved Evje og Hornnes museum på Fennefoss.

Prosjektet er ei vidareføring av ein idé som først blei teken opp av Evje og Hornnes Høgre i deira partiprogram for inneverande valperiode. Både Setesdalsmuseet som driftar museet på Fennefoss og grunneigar Evje og Hornnes kommune er positive til tiltaket. Entreprenørfirma Daniel Tickner har alt vore på staden og pløgd opp torva på eit jorde bak det store, raude museumsbygget. Terje Birkeland har frest jorda. Evje og Hornnes Sparebank har velviljug stilt opp og dekka dei etter måten små kostnadene så langt. Med ein gong marka er tint til våren er planen å gå i gang for fullt. Det er fin, svart jord, rundt 1 dekar, som bare ligg og ventar på å bli godt stelt med av kjærlege hender! I prinsippet kan kven som helst vere med, så langt plassen strekk til. Om interessa er veldig stor, er det mogeleg å utvide arealet.

Sjølvberging er «in»

Å produsere mat til eige bruk – sjølvberging – er blitt eit viktig tema som mange er opptekne av i dag. Krig og elende rundt oss har synt at me kanskje må tenke nytt om matproduksjonen vår i framtida. Mange ønsker seg ein «grønare» livsstil. Den enorme prisstigninga på matvarer dei siste par åra kan òg vere ei drivkraft for å dyrke noko av maten sjølv.

Om du bur slik til at du ikkje kan dyrke på eigen grunn, er ein parsellhage eit glimrande alternativ. Rigmor og Nils Gjermund ser også mange andre positive sider. I parsellhagen kan kanskje flyktningar og nye landsmenn få språktrening i eit godt, sosialt miljø. Kanskje kan det nye livet som kjem på museumsområdet gje inspirasjon til fleire aktivitetar? Besøk av barnehagane så borna kan lære noko om korleis maten blir til? Potetopptaking som arbeidstrening? Bare fantasien set grensene når mange kloke hovud tenker saman.

Stykket held fram under biletet

Nils Germund Østerhus og Rigmor Flåt i parsellhagen, med museumsbygningen bak seg. Foto:
Her rett bak hovudbygningen på museet, i eit nydeleg og fredfullt kulturlandskap, lunt innunder Fennefossfjellet, ligg parsellhagen. Rigmor og Nils Gjermund gledar seg alt til våren når prosjektet kan ta av for fullt! Foto: Geir Daasvatn

Vil skipe ei foreining med styre for parsellhagen

Planen til Rigmor og Nils Gjermund er å danne ei foreining med eit styre som skal stå ansvarleg for opplegget vidare. Her håpar dei å få med potensielle brukarar, slik at dei kan vere med og påverke korleis prosjektet skal vere heilt frå starten av.

Tenner du på ideen? Ta kontakt!

Det vil bli arbeidd med prosjektet gjennom vinteren. Det må velgjast organisasjonsform, statuttar må på plass, økonomien må sikrast, det må vurderast kor stor kvar parsell bør vere, og mykje, mykje meir.

Rigmor og Nils Gjermund vil svært gjerne og snarast råd kome i kontakt med DEG som kan vere interessert i å bli med på dette spennande, nye tiltaket.

Kontakt Nils Gjermund Østerhustlf. 909 85 550 for meir informasjon.

Ein parsellhage er eit dyrkingsareal som er delt inn i fleire mindre parsellar som blir leigde eller lånte ut til folk som ønsker å dyrke grønnsaker og vekster til eige bruk, anten rett i bakken eller i pallekarmar ol.

Del "Parsellhage i Evje og Hornnes – spennande nytt prosjekt!"