Per Emanuelsen: Med hovudsete i hønsehuset


Han er fødd i Bertesbukta, oppvaksen i Dronningensgate – og i dag er han busett i Krigen. På Ytre Strai.

Tekst/foto: Øystein Moi

Utsjånaden minner mykje om eit av dei siste, attlevande tidsvitna tilhøyrande den opprørske 68-generasjonen.

Kven skulle eigentleg tru at denne lekamen, og dette hovudet , tilhøyrande Per Emanuelsen er 66 år gamalt. Snart alderstrygda. Ekte livsglede, ein stor venekrins, eit varmt hjarta – og eit tidlegare liv som ihuga og høgt respektert hønsebonde er truleg avgjerande faktorar ein må take med i eit slikt reknestykke.

Når me fyrst talar om høner, så hadde Per det eigentleg som plomma i egget då han i ungdomen studerte ved Risør Husflidskule. Han tok vidareutdanning i veving, og det bør ikkje øveraske nokon som helst at han var einaste guten i klassen. Ja, han hadde det som plomma i egget. Korkje meir eller mindre.

Per Emanuelsen er utdanna diakon og sjukepleiar, og er i dag tilsett i halv stilling som prostidiakon i fleire kommunar i austfylket. Risør, Tvedestrand og Åmli for å nemne nokre. Når Per ikkje er i beinveges oppdrag for biskopen, for Vår herre – og for kyrkja den norske, så bruker han tida på eit umåteleg viktig arbeid for Kristiansand kommune.

Per driv her eit fantastisk arbeid som omhandlar tilbod til etterlatte etter sjølvmord. Eit arbeid, og ei teneste, blant medmenneske som folk flest eigentleg ikkje skjøner heilt omfanget av.

– I dette arbeidet møter eg ufatteleg mykje gilde folk. Stort sett berre gilde folk. Når krisa rammer ein heim, når det verste du kan tenkje deg skjer, då er det viktig å ha eit nettverk kring seg. Nokon å tale med. Nokon å grine i lag med. Nokon å halde i handa.

– Då eg byrja i den jobben fekk eg beskjed om at eg truleg ikkje ville klare meir enn fire år i ei slik krevjande stilling. No he eg halde på i 23 år.

Per Emanuelsen er ikkje utdanna teolog, men som han seier sjølve så tek han vidareutdanning kvar einaste dag. Møte med ulike menneske, unge og gamle – i glede og sorg, gjer at han på ein måte må opp til eksamen kvar einaste dag. Fagkrinsen omhandlar krevjande emne som rus, familiekonfliktar, psykisk helse – og sorg.

– Eit klapp på skuldra, ei god melding på telefonen – eller ein varm klem er den beste løna eg kan få. Då veit eg at eksamen er bestått.

I 12 år hadde Per nedslagsfeltet sitt mellom Kvarsteinbrua og fellesfjoset på Bjåen. På båe sider av Rv 9.

– Fantastiske år. Setesdølane er eit venesælt og gjestfritt folkeferd. He du fyrst vorte ven med ein setesdøl, ja då he du ein trugen ven for resten av livet.

Diakonen faldar hendene, ser mot himmelkvelven – og let att augo. På sin eigen måte takkar han sjefen sjølve, Vår Herre, for ei minnerik tid i Setesdal.

– Med sunn galskap og dårleg hukommelse vert livet ei fantastisk reise, seier Per Emanuelsen og slengjer båe føtene opp på skrivebordet. I hønsehuset.

Per he sitt hovudsete, sitt heimekontor, i det nedlagte hønsehuset heime i hagen. Her tek han i mot folk til den gode samtalen. Ofte til ein heilt avgjerande samtale. Her møter han medmenneske, sambygdinger, framande – og kanskje folk frå grannelaget. Samtale i takksemd og glede. Samtale i den djupaste sorg, og samtale i den verste livssituasjonen du kan tenkje deg folk kan hamne opp i.

– Eg let meg stadig imponere over korleis dei aller fleste etter kvart finn vegen ut av det som
til mange tider kan minne om ei endelaus og botnlaus sorg.

– Trua er grenselaust viktig for meg, seier Per. Eg er heilt avhengig av Gud i kvardagen . Det er heilt avgjerande å vete at eg aldri gjeng alleine der ute i ein stadig tøffare kvardag. Det er allstøtt ein som held meg i handa. Ein som gjev med styrke, tryggleik og trøyst.

I hønsehuset he Per samla 320 ulike andaktsbøker. Slike bøker som he eit «ord for dagen» for kvar einaste dag året rundt. Kvar morgon opnar han ei ny bok, les eit godt kristeleg vers, og set boka varsamt attende på sin tilmålte plass i bokhylla. Aldri den same boka to dagar etter kvarandre.

– Åndeleg påfyll, åndeleg føde, er like viktig for meg som det er med mat og drikke.

Samtalen sklir lett. Per talar raskare enn eg kan skrive. Eg venter på den kaffekoppen som aldri kjem.Tida gjeng så altfor fort. Me opnar det globale vindauget. Me let tankane surre eit grann kring all den ondskapen og all den djevelskapen som ein finn i verda i dag. I Noreg medrekna. Sjeldan he verdsbiletet vore mørkare og meir trugande enn kva det er i dag.

Eg spør diakonen, ein av Vår Herre sine mest trugne og mest etterspurde læresveinar på heile Sørlandet, om kor ein finn den allmektige og kjærlege Gud – i Syria. I Mosul. Kor er Gud blant millionar av svoltne og døyande born i Afrika. Kor er den allmektige og kjærlege Gud når ulukka slær ned, brått og brutalt, midt i ungdomsflokken. I vårt eige grannelag. Per kikar opp mot bokhylla. Han kikar opp mot dei 320 andaktsbøkene. Svaret finnast truleg der. Blant to slitne permar. Ein eller annan stad.

Me er samde om ein ting, bladfyken og diakonen – me må ha betre tid for å finne ut av nettopp det spursmålet. Gud er på mange måtar ein underleg figur.

Me tek avskil ute på tunet. Sumarkvelden er varm. Løvetanna fargar grasvollen gul. I drivhuset syter Per for at hundrevis av kaktus fær godt stell og gode dagar.

– Kaktus betyr «ynskje om evig venskap» seier Per.

Me nevast – og me takkar kvarandre for stunda. Med ynskje om gode dagar – og med ei von
om eit evig venskap. For oss båe to. Kaktus.

Stykket har tidlegare stått på trykk i Fædrelandsvennen. Det er også med i Øystein Moi si bok Moi møter mennesker (utgjeve 2024, utseld).

Del "Per Emanuelsen: Med hovudsete i hønsehuset"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.