Reidar Tveito på oppdagingsferd langs Smiesvingstien på Byglandsfjord 3. juli 2017. Foto: Geir Daasvatn

Reidar Tveito – historieskrivaren på Byglandsfjord

Reidar Tveito på Byglandsfjord var sagbruksarbeidar det meste av yrkeslivet. Heilt frå ungdomstida på byrjinga av 1960-talet har han vore ein ivrig fotograf. Etter at han blei pensjonist, har han gitt ut ei lang rekke bøker og hefte med lokalhistorie og bilete frå Byglandsfjord og dei næraste områda rundt.

Det kunne vore skrive ei heil bok om Reidar og alt han har stelt med. Men det lyt vere til eit anna høve. Her har eg bare lyst til å trekke fram litt av innsatsen hans som forfattar av lokalhistoriske hefte og bøker. Men først:

Reidar i korte trekk

Reidar er 76 år, og bur på Byglandsfjord. Han begynte å arbeide på Byglandsfjord Dampsag i 1970. Seinare var han på både Skibsplast på Evje og hos Almedal Sag i Grendi. Då Byglandsfjord Sag starta opp på Vassendøya i 1986 begynte han der. Der blei han verande heilt til han vart pensjonist i 2008. Han har dokumentert arbeidet til ein sagbruksarbeidar på eineståande vis, i boka 50 år på sagbruk. 750 bilde fra et arbeidsliv (2010).

Lokalhistorikar og forfattar

Frå 2008 begynte han på eit heilt nytt kapittel i livet – han blei forfattar. På dei snart 15 åra som er gått sidan han blei pensjonist, har han gjeve ut opp mot 20 hefte og bøker om ulike tema. Dei fleste utgjevingane er om lokalhistorie og landskap på og rundt Byglandsfjord. Men han har óg laga eit praktverk om Riksveg 9 og alle bruene og særtrekka langs den vegen, frå Kristiansand til Haukeli. Eit anna stort verk er dei tre hefta om dei høgaste fjell og nutar på begge sider av Otra. I alle bøkene og hefta kombinerer Reidar bilete og tekstar på ein slik fin måte at me lesarar mest kan kjenne at me er med på turen!

Ei praktbok!

Reidar har fortald meg at han fekk nokre utfordringar med helsa om lag på same tida som han blei pensjonist. Då fekk han hug til å ta fleire turar i heiane, og sjå seg litt meir rundt, medan han enno hadde sjansen. Fotoapparatet var med på turane. Dermed blei det grunnlag for å skrive nokre hefte om fjella og plassane han hadde vore til. Han sat også på store mengder foto frå årtider tilbake, og hadde lyst til å få brukt nokre av dei til noko fint.

Det er enorme mengder med opplysningar og informasjon Reidar må samle inn før han kan skrive ut hefta og bøkene sine. Kva slags kjelder er det han brukar, tru, og kor finn han dei?

– Avisene er hovudkjeldene mine, seier han. Eg går til dømes temmeleg systematisk gjennom alle årgangar av Fædrelandsvennen for den tidsperioden eg jobbar med. FVN er digitalisert, slik at eg kan finne gamle artiklar og jobbe greitt frå PC-en heimanfrå. Lokalavisa Setesdølen er sjølvsagt også ei viktig kjelde.

For tida arbeider Reidar med ei ny bok frå Byglandsfjord. Han fortel:

– Eg vil ta for meg lokalhistoria på eit meir detaljert nivå enn det som gards- og ættesoge-skrivarane arbeider med. Dei vil sjølvsagt trekke opp dei store linene, og skrive historia på det overordna planet. Eg plukkar bare opp «smulane» på eit vis, og skriv litt om det som ikkje kan få plass i gards- og ættesoga.

Kulturprisen

Reidar blei tildelt Bygland kommune sin kulturpris for 2018 under ei tilstelning på Landeskogen 17. mai 2018. Prisen er gjeve for den einestande dokumenteringa hans av den lokale fortida.

Glad i heimbygda si!

Eg kjenner ikkje Reidar så godt, på det personlege plan. Me har bare hatt nokre få treff i samband med dei felles interessene våre for slikt som lokalhistorie, foto og arbeidet på Setesdalswiki m.m. Men ut frå dei få samtalane med han, om arbeidet hans med lokalt stoff om Byglandsfjord og anna i Bygland, tør eg med handa på hjartet seie: Dette er ein mann som er utruleg glad i heimbygda si. Han er eit menneske som bidreg til å løfte oss alle opp, og til å bli endå gladare i og stoltare av heimplassen vår!

Bøker og hefte Reidar har gitt ut

Kjelder

Del "Reidar Tveito – historieskrivaren på Byglandsfjord"