Reidar Tveito har for lengst pensjonert seg som sagbruksarbeidar. Han er i staden blitt forfattar. I desse dagar er han igjen ute med ny bok.
Det er Byglandsfjord 3. Historia frå 1839 til 1911.
Boka er nr. 19 som er registrert på Setesdalswiki, men det kan vere fleire. Reidar er ein utruleg produktiv og flink bokskrivar, og fotograf gjennom heile livet. Med forfattarskapet sitt lagar han ei unik «minnebok» for den kjære heimstaden sin Byglandsfjord.
Les meir om Reidar på Setesdalswiki.