Frøysnesheia. Foto: Anne Turid Bjørnestøl Frøysnes.

Setesdal – dikt

Anne Turid Bjørnestad Frøysnes har skrive dette vakre diktet om Setesdal. Det kan då vere dikt nr. 1 i det eg håpar kan bli ei fast spalte, «Månadens dikt», på Setesdalssida.no. Tusen takk til Anne Turid for at eg har fått lov til å sette diktet på trykk her. Det er også lagt ut på Setesdalssida på Facebook 18. november 2022.

Setesdal

Av Anne Turid Bjørnestad Frøysnes

I kulturarvens vogge
høyrer eg slått og stev,
munnharper og feler
klinge i festleg lag
medan jenter og gutar
dansar ved stabbursloft.

Vakre Setesdal
du omfamnar sjel
med levande liv
av praktfull naturrikdom
teikna i skoddeslør.

Stille no!
La meg drøyme
ved fjordkant
i morgongryets dunkle skimmer
høyre sommarfuglvenger blafre
i solstråler over blåklokkeenger.
La meg kjenne pusten
frå skogens ande
i lyse netter.

Du fine dal
med majestetiske skattar
lik troner
av høge nutar
ruvande over fjord
og innover fjellheim.
Trollbind mitt hjarte
for evig og alltid.
Ei tåredrope spegla
med glans av haustfargar
fell ned på kinn.

Eg ber deg
du vedunderlege fjorddal
på ein gullstol
av audmjukskap og beundring.
Endå om du kviler
i djupet av vintersvevn
under fullmånehimmel
og skuggar dansar
på di kvite dyne
av snøkrystallar.

Tankar fyllast med glede
når eg dansar vårvals
med deg, du kjære
Setesdalsrose.

Bildet er frå Frøysneshei m/utsikt over tåkelagt dalføre 😊

Del "Setesdal – dikt"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.