Munnharpa i snøstorm 26. desember 2017. Foto: Geir Daasvatn

Setesdalssida i godt driv på Facebook

Setesdalssida på Facebook held dampen bra oppe, sjølv om det er blitt haust og aktivitetsnivået i Setesdal kanskje ikkje er like høgt som om sommaren.

Facebooksida har på det meste hatt eit gjennomsnitt på rundt 4.900 menneske pr. dag som ser minst eitt innlegg på sida. For tida (siste 28 dagar) ligg rekkevidda på om lag 4.300 lesarar pr. dag. 12. september, etter valdagen 11. september, var rekkevidda 5.053 personar. Om hausten går lesartala gjerne noko ned. Det er litt færre store arrangement å rapportere frå. Turisttrafikken i dalen minkar noko. Noko færre menneske søker truleg då etter informasjon om Setesdal på nettet.

Talet på følgarar stig framleis jamt og trutt. Nå er det kome opp i 10.054 pr. 14. september. Eg føretek meg ikkje noko aktivt for at dette talet skal stige raskare. Det einaste eg passar på, er å kvar dag få ut nokre små og litt større saker på sida. Det er alltid eitt eller anna å rapportere om, eller noko fint å dele!

Takk for alle gode bidrag!

Mange er flinke til å sende inn innlegg til sida, og nokon er ekstra trufaste. Det gjer at Setesdalssida aldri er heilt tom for nytt stoff. Uansett når du klikkar deg inn på den sida, er det eitt eller anna nytt innlegg du kan kikke nærare på om du vil. Tusen takk til alle dykk som er med på å fylle sida med innhald!

Dei mest leste innlegga den siste månaden

Otra i Valle. Foto: Frank Egil Reise
  • Innlegg med bilete om at munnharpa i Valle skal plasserast i den nye rundkøyringa. Lagt inn av Geir Daasvatn. 6.527 visningar
  • «Valle min heimstad». Innlegg med dikt av Torjus Åkre og bilete frå Valle (t.v.). Sendt inn av Frank Egil Reise. 6.349 visningar
  • Innlegg med bilete om masse sopp i naturen nå. Lagt inn av Bente Bjoraa. 5.963 visningar
  • Rapport med bilete frå sykkeltur Hovden–Rysstad. Lagt inn av Terje Seim. 5.554 visningar
  • «Gratulerer med 10.000 følgarar». Innlegg lagt inn av Susanne Hegenscheidt. 5.469 visningar
  • «Så er den her i år igjen». Innlegg med bilete om den vakre blomen bergfrua, lagt inn av Ingrid Olavsdotter Nesland. 5.437 visningar

Eg sa då Setesdalssida passerte 10.000 følgarar å Facebook at eg er motivert for å halde ho i gang ei stund til. I det minste så lenge de som følger sida tykkjer ho er verdt å følge. Statistikken tyder på at ho framleis har ein misjon. Då køyrer me på vidare!

Del "Setesdalssida i godt driv på Facebook"