Det er fint å sitte på ein stein oppe i Huldreheimen og fundere på livet!

Setesdalssida.no i gang for fullt

Etter iherdig jobbing ei tid med tekniske løysinger og webdesign, har me nå funne ei god form for nettsida vår. Eg har fått mi eiga «plattform» for å «framsnakke» Setesdal.

Det er min gode ven Inge Fredriksen som set opp dei tekniske løysingane på sida, og finn ein utsjånad som kan høve. Han er ein sjølvlærd tryllekunstnar på området. Programmet me brukar er WordPress.

Menypunkt

På framsida til Setesdalssida.no, opningssida, er det nå fleire menypunkt, eller seksjonar om du vil. På denne sida vil det også ligge nokre innlegg om likt og ulikt som ikkje passar inn i dei faste seksjonane.

Under «Kulturminne» legg eg inn korte artiklar om nokre av alle dei fine eller spennande kulturminna som finst i Setesdal, og som eg har vore så heldig å få sett. Dei blir sorterte etter kommune, slik at du kan gå inn og finne kulturminna bare for din kommune om det er nok for deg.

Under «Attraksjonar» vil eg legge inn andre spennande ting å oppleve eller å gjere i Setesdal, men som kanskje ikkje passar inn under «Kulturminne». Det er same system her, med sortering etter kommune.

Menypunktet «Vekas bilete» vil ha ein ny artikkel kvar veke, med eit bilete frå Setesdal eller Åseral, og ei lita forklaring om kva biletet syner. Også her er det ei inndeling etter kommune.

Saka held fram under biletet

Krigsgraver Åseral kyrkjegard. Foto.
Dei ti soldatgravene på Åseral kyrkjegard. Foto: Geir Daasvatn

Bak punktet «Om Setesdalssida» ligg bare nokre stikkord om kva Setesdalssida.no er for noko, og litt om meg som er ansvarleg for innhaldet. Det kan vere greitt at du har eit namn å vende deg til, om du ikkje er nøgd med det som er skrive!

Det kjem meir

I løpet av vinteren, seinast truleg til påske vil det i tillegg kome ein kategori «Turtips» e.l. Me treng litt tid på å sette opp denne seksjonen, som nok blir den mest innhaldsrike på sikt. Her vil eg sjå om eg kan skrive korte skildringar av nokre fine turmål rundt om i Setesdal. Eg er veldig glad i å fotografere ute i landskapet når eg er på farten. Så kan eg kombinere bileta med eit lite skriveri når eg er heime igjen frå turen. Inge vil hjelpe meg med å sette opp ein «mal» for turskildringane, slik at artiklane får ei oversikteleg og brukarvenleg form. Det inkluderer kart, stipulert gangtid, osv.

Bjørg-Sissel Tveiten som blei i luren. Foto.
Eg er meir kjend med Uriah Heep og Buffy Sainte Marie, enn med Bjørg-Sissel Tveiten og folkemusikken i Setesdal. Men det kunne nok vere moro å utvide horisonten til tradisjonsmusikk også! Foto: Geir Daasvatn

I det vidare arbeidet kan det godt hende at me legg til endå fleire seksjonar. Det kunne til dømes vere gøy å skrive litt om slikt som «Arrangement i Setesdal» eller «Folkemusikk». Overskudd og krefter, og ikkje minst økonomi, set visse grenser for kor langt me kan kome.

Så brukarvenleg som mogeleg

I alle innlegga du er inne på, er det ein «hamburgarmeny» (tre små strekar under kvarandre) øvst på sida, slik at du lett kan orientere deg på nettstaden. I tillegg arbeider «teknisk sjef» Inge heile tida med «fiffige» løysingar, slik at artiklane blir sorterte etter kategoriar, stikkord og andre ting som eg ikkje heilt skjøner. Ei fin byrjing er dei små, svarte felta med stikkord i øvste, venstre hjørne i innlegga. Om du klikkar på stikkorda der, vil du få opp allle innlegg i den kategorien. Eit døme kan vere kulturminne i Evje og Hornnes. Tanken er at nettstaden skal vere så brukarvenleg som me kan klare å lage han – innanfor vårt temmeleg beskjedne budsjett.

Syne Setesdal frå ei fin side

Om det me lagar i stand vil bli sett og lest av nokon, ja det vil jo tida vise. Eg har «bare» eit inderleg ønske om å syne fram noko av alt det fine og spennande eg ser på mi ferd gjennom Setesdal og dei næraste bygdene rundt. Det har eg moro av, uansett om det er 100 eller 10.000 som klikkar seg inn på Setesdalssida.no.

Nå har eg med uvurderleg hjelp frå Inge fått mi heilt eiga «plattform» – som det så fint heiter i dag – å skrive på. Kven veit kor lenge det kan bli, men eg håpar for resten av livet!

Berg i Setesdal. Foto på Setesdalssida.no.
Berg i Valle, 11. oktober 2022. Det er slike vakre syn eg «lengtar etter» å syne fram på Setesdalssida.no! Foto: Geir Daasvatn

Del "Setesdalssida.no i gang for fullt"