Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv

Ei lita steinbru på den gamle Setesdalsvegen. Foto.

Aust for Riksveg 9 forbi Syrtveit rasteplass ligg framleis eit langt strekk av den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord att i skogen. Den første køyrevegen (kjerrevegen) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte det her […]

Haugefjellet feltspatgruve – Evje

Haugefjellet feltspatgruve fylt med vatn. Foto.

Haugefjellet er sagt å vere den eldste feltspatgruva i Evje. Den nedlagte gruva er på garden Haugen sin grunn. Ho ligg aust for Dansarberga og sør-vest for Mykleåsen, ikkje så langt unna dei andre feltspatgruvene i området. Gruva kom i drift før år 1900, og kan altså vere den eldste feltspatgruva i Evje. I alt er det rundt 80 feltspatbrot […]

Syrtveitsfossen – flotingsmurar

Den svære steinskjermen i Syrtveitsfossen ved ekstra låg vasstand. Foto.

På begge sider av den svære Syrtveitsfossen i Otra i Evje og Hornnes ligg det framleis att store steinskjermar etter tømmerflotinga på elva. Syrtveitsfossen var brei og urein. Difor blei det sett opp tre svære steinskjermar for å gjere fossen smalare og «styre» tømmeret. I dag står desse gamle flotingsmurane framleis på staden, og minnar […]

Kleveknuten bygdeborg – Hornnes

Utsikten sørover frå Kleveknuten 16. april 2010. Foto.

Kleveknuten (Klevekrullen) er ein liten fjelltopp (292 moh.) rett vest for Riksveg 9 ved Hannås nord for Moisund i Evje og Hornnes. På toppen er det ei større røys av stein som i si tid må ha vore frakta dit. Steinrøysa kan vere eit nedramla steinalter nytta som offerstad. Truleg er Kleveknuten også nytta som forsvarsborg og kanskje signalstasjon. Inne i fjellet, i fleire svære […]

Urdalsfjell bygdeborg – Evje

Den nedrasa borgmuren på Urdalsfjell. Foto.

Bygdeborga på Urdalsfjell var eit forsvarsverk mot inntrengarar i ufredstider på Urdalsfjell på Åvesland mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes. Det er minst fem kjende slike bygdeborger i kommunen: På Kleveknuten på Hannås, på Horgeknipen på Senum, på Kallshovet på Kallhovd, på Steinsfjell nær Evje sentrum og altså på Urdalsfjell. Det er vanlig oppfatning blant arkeologene, heiter det i kultursoga for Evje og Hornnes, at borgene er frå folkevandringstid og […]

Lunnenburet – Hornnes

Stolpehuset i Lunnen. Foto.

Lunnenburet er eit gamalt stolpehus som stod på det tidlegare gardsbruket Lunnen, bnr. 1 i Hornnes-garden, men som nå er blitt til bnr. 143. Stolpehuset (stabburet) skal vere bygt i 1647 (eller 1642), og er truleg den eldste eksisterande bygningen i Evje og Hornnes. Opphaveleg stod det eit dobbelt stolpehus i Lunnen. Det høyrde til […]

Listeinsfjellet på Evjemoen

Utsyn utover Evjemoen og Hornnes fra Fennefossfjellet. Foto

På Listeinsfjellet var det ei norsk maskingeværstilling som skaut mot tyske fly over Evjemoen i aprildagane 1940. Under krigen hadde tyskerane ei luftvernstilling her. Listeinsfjellet er lågt, bare 230 moh., og mest som ein liten rund ås. Fjellet ligg aust for Bjoråvegen, på andre sida av vegen for Evje Fengsel, lengst nord på den lange sletta ved Evjemoen. Under […]

Galtelandskanalen, eit minne frå krigen

Galtelandskanalen. Oversiktsfoto.

Dette var ein landbrukskanal som blei grave ut på Galteland i Evje under 2. verdskrigen, truleg i åra 1942–1944. Ein tropp frå Arbeidstenesta utførte arbeidet. Jørg Godtredsen var med i arbeidet, og har fortalt mykje om det i kultursoga for Evje og Hornnes. Det blei reist ein minnestein etter arbeidet, som ein framleis kan sjå i vegkanten langsmed FV-42 […]

Haavardstadhuset – Evje

Haavardstadhuset i haustfargar. Foto.

Dette var bustadhuset til ordførar og stortingsrepresentant Torvald Haavardststad. Det er eitt av dei eldste husa i Evje sentrum i dag. Haavardstadhuset ligg på nedsida av Riksveg 9 i Evje sentrum, rett nord for Dølen Hotel. I Norges Bebyggelse er det sagt at huset er oppført ca. 1890. Det er såleis ikke eit veldig gamalt […]

Hattefossbrua – Hornnes

Hattefossbrua ved solnedgang. Foto.

Brua er ei trebru med brukar av stein over utlaupsosen av Kosvatn på Abusland i Hornnes. Hattefossbrua var opphaveleg bygt av oppmurte brukar av stein, med trebjelkar imellom. Ho er restaurert fleire gonger. I 2015 blei det lagt nytt toppdekke, men då med jernbjelkar som berebjelkar. Historie Brua skal vere bygt i 1859, er det sagt på Kulturminnesok.no. Lokalkjende Ragnhild […]

Einerkilen urangruve i Evje

Ruinar etter Einerkilen urangruve 24. oktober 2022. Foto.

Einerkilen urangruve er ei nedlagd gruve på sørsida av Einerkilen i Prestøygardsvatnet mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes kommune. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til 1. juli 1951. Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved Institutt for atomenergi på Kjeller. […]

Beintsbekken jernbanebru – Evje

Beintsbekken jernbanebru, ei lita steinkvelvbru. Foto.

Beintsbekken jernbanebru gjekk over Oddeåna rett nord for Evje sentrum. I dag går Riksveg 9 over ein utvida versjon av brua. Denne vesle, men vakre steinkvelvbrua blei bygd for Setesdalsbanen, som opna til Byglandsfjord i 1896. I 1966 blei «kompensasjonsvegen» etter nedlegginga av banen i 1962 bygd langs den tidlegare jernbanetraseen forbi Evje sentrum. Då […]

Moi jernbanebru – Hornnes

Moi jernbanebru, innebygd i Riksveg-9-bru. Foto.

Moi jernbanebru er ei kort steinkvelvbru over Storebekk, rett vest for Moikilen i Otra, på Moisund i Hornnes. Brua blei bygd for Setesdalsbanen i 1895.  Riksveg 9 går over Storebekk på ei betongbru som er bygd «rundt» den gamle jernbanebrua. Du må derfor gå ned til bekken og undersida av brua for å sjå det vakre steinarbeidet som ein gong er utført. Ho er […]

Birkåsen – Hornnes

Husmannsplassen Birkåsen. Oversiktsfoto.

Birkåsen, eller Bærkjåsen i Hornnes-dialekta, er ein gamal husmannsplass i Hornnes. Plassen er gått ut frå Futegarden i Hornnes. Simon Alfson Roland fekk husmannssetel på plassen i 1852. Han var den første som rydda og bygde hus der frå 1852 og utover. Han og familien tok etter det Birkås til etternamn. Trekunstnaren Salve Birkås Alv Simonson Birkås, eldste son til […]

Hannås jernbanebru – Hornnes

Hannås jernbanebru, ei lita steinkvelvbru. Foto.

Hannås jernbanebru er ei kort steinkvelvbru for Setesdalsbanen over Hannåsbekken på Hannåsmoen i Hornnes. Brua blei bygd for Setesdalsbanen i 1895. Riksveg 9 går over Hannåsbekken på ei betongbru rett på austsida av den gamle jernbanebrua. Rett vest for jernbanebrua, i framgrunnen på biletet over, kan me framleis sjå brukara etter ei endå eldre bru på den gamle Setesdalsvegen. Korleis finn du brua Kjelder Rett i […]

Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9

Sandbekk jernbanebru, ei fin steinkvelvbru. Foto.

Sandbekk jernbanebru er eit godt skjult, men vakkert kunstverk av ei steinkvelvbru under austsida av Rv-9 ved Sandbekk heilt sør på Moisundsletta i Hornnes. Over denne vesle brua gjekk Setesdalsbanen. På vestsida av dagens Rv-9 gjekk den gamle Setesdalsvegen. Der er det bygd ein kulvert, ein svær steinmur med opning i, som Sandbekken renn gjennom. Då […]

Vetterhussaga – Hornnes

Vetterhussaga. Foto.

Vetterhussaga er ei vassdriven sag i Vetterhusbekken, langs Juvvannsvegen på heia sør for Espetveit, i Hornnes. Saga ligg på garden Tønnesland sin grunn (gnr. 26 bnr. 5), og er i dag eigd av Torgny Monan. Ho er ikkje i dagleg bruk lenger. Salve T. Tønnesland (f. 1891, d. 1954) bygde saga på 1920-talet. Steinar Tønnesland har restaurert ho i nyare tid. Ho er spesiell med det at […]

Tyskarminnevegen – Moisund

Tyskarminnevegen. Halvferdig fjellskjæring i skogen. Foto.

Tyskarminnevegen var eit vegprosjekt som okkupasjonsmakta sette i gong ved Slettefet på Moisund under 2. verdskrig. Dei ville rette opp hovudvegen – Setesdalsvegen – mellom Kvernhusmyra og Skorva rett sør for Slettefet. Store mengder sprengt stein og fleire fjellskjeringar ligg framleis og minnar om at prosjektet aldri blei ferdig. Slettefet–Skorva–Kvernhusmyra på Norgeskart.no Veg ved Ærekilen Stykket mellom Kvernhusmyra og Skorva […]

Byklarloftet – Fennefoss

Det svære våningshuset i Lunden på Fennefoss i Hornnes. Foto.

Byklarloftet er eit loft – ein overnattingsstad – på gardsbruket Lunden på Fennefoss i Hornnes. Før det kom ordentleg veg mellom Kristiansand og Setesdal, blei setesdølane ofte rodde på Otra frå Kile til Fennefoss. Her kom dei gjerne på kvelden, for det var ei lang strekning å ro. Det var store båtar, med tung last. Byklarane overnatta då mykje i Lunden, og eit loft i våningshuset kallast […]

Bispestolane – spennande kulturminne og fint turmål

Bispestolane. Tre eldgamle steinstolar. Foto.

Segn eller sanning? Bispestolane er eit freda kulturminne, tre oppmura steinstolar, på Tellaugheia mellom gardane Espetveit og Kalland sør-vest i Evje og Hornnes. Korleis kome dit Frå Rv-9 på Moisund går Fv-301 (Abusdalsvegen) om lag 8 km vestover til Leiteskaret før Bispestolane hyttefelt. Du kan følge skogsbilvegen Bispevegen (over) ca 1,2 km sørover fram til Bispestolane. Dei ligg nær ein […]

Dalemannsteinen – Fennefoss

Dalemannsteinen. Svær steinblokk ved breidda av Otra. Foto.

Dalemannsteinen er ei svær steinblokk ved breidda av Otra rett under Fennefossen på Fennefoss i Hornnes. Han er eit minne etter båtferdsla på Kilefjorden. Når folk på veg frå Kristiansand til Setesdal i eldre tider brukte båt på Kilefjorden, måtte dei gå i land nedanfor Fennefossen. Herfrå måtte dei gå eller ri for å kome vidare oppover dalen til Gullsmedmoen. Der dei gjekk i land, ved […]

Mølletrappa ved Fennefossen

Mølletrappa, ei steintrapp, ved Fennefossen. Foto.

Mølletrappa er i dag mest det einaste som er igjen å sjå etter den svære næringsverksemda som ein gong var ved Mylla, på vestsida av Fennefossen, i Hornnes. I 1803 kom Hans Nielsen Hauge til Setesdal og etter kvart til Fennefoss i Hornnes. Her såg haugianarane mogelegheitar i utnytting av vasskreftene i Fennefossen. Dei skaffa seg fallrettane i fossen i […]

Postvegen i Hornnes

Kiledalskleiva steinkvelvbru. Foto.

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Gjennom Hornnes kom han rundt 1840. Mellom Fennefoss og Senum i Hornnes kom den aller første køyrevegen i indre Agder i 1803–1804. Me kan undrast litt. Kvifor akkurat her? Setesdølane trong å hente livsnødvendige varer som […]

Kjetsåbrua – Hornnes

Kjetså bru i Hornnes. Foto.

Under dagens moderne betongbru over Kjetsåna skjuler det seg eit vakkert kulturminne. Kjetsåbrua er altså ei steinkvelvbru på Fylkesveg 42 over Kjetsåna på Kjetså i Hornnes. Brua blei bygd i 1933, og utvida og forsterka med betong i 1969. Fram til «kompensasjonsvegen» for nedlegginga av Setesdalsbanen kom gjennom Hornnes på andre halvdel av 1960-talet, var Kjetså bru ein del av hovudvegen mellom Kristiansand og […]

Kongshaugen – Evje

Gravhaugen Kongshaugen på Evje. Foto.

Kongshaugen er ein gravhaug, ein rundhaug av jord, i Fossvik ved Fennefossen på Verksmoen på Evje. Han er tidfest til siste halvdel en av 300-talet e.Kr. (yngre romertid). Haugen blei arkeologisk undersøkt av riksantikvar N. Nicolaysen i 1882. Då var haugen 30 m i tverrmål og om lag 4 m høg. Då han blei bygd, kan han ha vore rundt 25 m […]

Moi gravfelt

Moi gravfelt i Hornnes. Foto.

Moi gravfelt ligg på garden Moi sin grunn, på Moisund sør i Evje og Hornnes. Feltet ligg ved Moibekken, i skogen om lag 200 meter vest for den gamle Skrivargarden. Det er registrert 26 haugar, 18 rundhaugar og åtte langhaugar. Feltet ligg tett inntil dyrka mark, så det er ikkje urimeleg å rekne med at nokon fleire haugar kan […]