Skorpetveit 26. november 2018. Foto: Geir Daasvatn

Skorpetveit – skogen kan skjule så mangt!

Det er Skorpetveit rett ved Riksveg 9 nord i Valle me ser på biletet her frå november 2018.

Eg stansa her fordi eg ville ta eit bilete av den gamle setesdalsvegen, bygd ca. 1873. Du ser han framme i biletet. Eg laga eit lite stykke om den gamlevegen for nokre dagar sidan.

For eit par dagar sidan var eg på «Turstoge» i Bygland. Der nemnte arkeologen Snorre Haukalid frå Agder fylkeskommune at det er avdekka eit gamalt gardsanlegg på Skorpetveit, truleg busett i vikingtid og mellomalder. Tuftene og rydningsrøysene ligg bakover i biletet. På Kulturminnesok.no står meir om dette.

På Kulturminnesok.no les eg også at Dalevegen, den gamle ridevegen som var før køyrevegen kom rundt 1873, gjekk forbi her. Om lag der telefonlina er nå.

Me talar altså om eit særs interessant kulturhistorisk område!

Men ingenting av dette tenkte eg på då eg stogga på staden for fem år sidan. «Det gjeld å ha augene med seg», heiter det vel i ordtaket? Eg må ha lagt dei igjen heime i Hornnes den gongen i 2018 😱

Del "Skorpetveit – skogen kan skjule så mangt!"