Stinn brakke under Jørgen Løvland-markeringen på Furuly fleirbrukshus på Evje 11. november 2022. Foto: Geir Daasvatn

Spennande og lærerikt om Jørgen Løvland!

I 2022 er det 100 år sidan Norges aller første utanriksminister, Jørgen Løvland frå Evje, døydde. Fredag kveld blei det markert med eit veldig fint arrangement på Furuly fleirbrukshus på Evje. Markeringa var eit ledd i arbeidet med å halde kunnskapen om Jørgen Løvland sine merittar i hevd.

Maya Ranestad Hjertholm leia programmet med stø hand. Foto: Geir Daasvatn

Kulturleiar Maya Maya Ranestad Hjertholm i Evje og Hornnes kommune ønska velkomen. Maja styrte også resten av tilstelninga på ein nydeleg måte. Det var forresten «stinn brakke» denne kvelden, og altså stor interesse for å få vite meir om Jørgen Løvland. Bygdekoret, kyndig leia av Oxana Emmelkamp frå pianokrakken, framførte «Norges skaal». Det høvde heilt ypparleg for programmet som var i vente. Ordførar Svein Arne Haugen heldt ein kort opningstale.

Per Eivind Hem – og Bygdekoret

Forattaren Per Eivind Hem heldt eit lærerikt og innsiktsfullt foredrag. Foto: Geir Daasvatn

Per Eivind Hem gav oss eit svært kunnskapsrikt foredrag om Jørgen Løvland sitt liv og virke. Per Eivind er historikar, statsvitar, litteraturkritikar og forfattar. Han har skrive den store biografien «Jørgen Løvland: vår første utanriksminister» (utgjeve 2005). Den boka har eg sjølv i bokhylla, og det er stor lesing. Så avslutta Bygdekoret denne delen av festen med den vakre «Har du fyr» av Ola Bremnes. Tenk, neste år (2023), er det 40 år sidan Evje og Hornnes bygdekor blei skipa. I alle år sidan har dei spreidd glede og varme kjensler utover sambygdingane sine og mange fleire. Men det får bli tema i ei anna sak ein annan gong 💝

Etter Per Eivind sitt foredrag var det mykje ny kunnskap å fordøye. Det var difor greit med ein litan pause med kaffi og kaker.

Erik Kjebekk og Leonhard Jansen

Leonhard Jansen fortalde engasjert om mange av dei store personlegdomane som levde i Setesdal om lag samstundes med Jørgen Løvland. Foto: Geir Daasvatn

Etter pausen heldt historikar Erik Kjebekk frå Evje og Hornnes sogelag eit flammande innlegg som konsentrerte seg meir om Jørgen Løvland i bygdemiljøet heime i Evje. Det levande lokalhistoriske leksikonet Leonhard Jansen, som er dagleg leiar på Setesdalsmuseet, avslutta kvelden med å plassere Jørgen Løvland inn i det politiske og kulturelle miljøet som rådde i Setesdal på denne tida, før og etter unionsoppløysinga i 1905. Han trakk fram mange setesdølar som ved sida av Løvland var med og prega samfunnslivet ikkje bare her heime i Setesdal, men i heile Norge. Lars Liestøl, Alexander Seippel, Gunnar Rysstad, Torgeir Bjørnarå og endå mange fleire. Setesdal var slett ingen avkrok, slik mange tidlegare har hevda. Tvert om, meinte Leonhard med eit stort smil om munnen og eit glimt i augo, må me kunne seie at Setesdal faktisk var sentrum for norsk politikk på denne tida!

Etter at det offisielle programmet var slutt, kunne dei som ønska det studere ei innhaldsrik roll-up-utstilling om Jørgen Løvland som var sett opp for anledninga.

Evje og Hornnes kommune ved kultureininga og Setesdalsmuseet var saman om arrangementet. Det var ein lokalhistorisk innertiar, sett inn i ein større, nasjonal samanheng! Tusen takk 💝

Om Jørgen Løvland på Setesdalswiki

Del "Spennande og lærerikt om Jørgen Løvland!"