Me minnast!

GRavferdsfølge for Knut O. Bø på Byglandsford. Foto.

I dag er det 9. april, og årsdagen for det tyske åtaket på Norge i 1940. Mange mista livet i fridomskampen i åra som følgde. Ein av dei var valldølen og motstandsmannen Knut O. Bø, disponent ved Setesdal Bilruter på Byglandsfjord ved krigsutbrotet. Knut blei avretta av tyskerane på Trandum 9. mai 1944. Siri Johannessen har […]

Tårnet – Longerak

Tårnet, ei lita hytte på Longerak. Foto.

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde […]

Arnstein i handelen!

Ruinar etter Einerkilen urangruve 24. oktober 2022. Foto.

Arnstein er årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag. Bladet er nå i handelen, i god tid til å vere ei interessant og flott julegåve. Årets utgåve følger same spor som før. Eva Haugen Sørgaard har først ein gjennomgang av aktiviteten i sogelaget i årets som gjekk. Deretter kjem det to opptrykk av avisartiklar læraren og […]

Alfred Skaiå – ein helt frå krigens dagar

Eg er glad i å farte rundt i bygda med fotografiapparatet mitt. 17. mai 2014 var eg ved Hornnes kyrkje og tok bilete. Ordførar Bjørn Ropstad la ned krans på minnesteinen som står utanfor kyrkja til minne om dei honndølane som mista livet i fridomskampen 1940-1945. Når eg seinare har sett gjennom bileta, har eg […]

Spennande og lærerikt om Jørgen Løvland!

I 2022 er det 100 år sidan Norges aller første utanriksminister, Jørgen Løvland frå Evje, døydde. Fredag kveld blei det markert med eit veldig fint arrangement på Furuly fleirbrukshus på Evje. Markeringa var eit ledd i arbeidet med å halde kunnskapen om Jørgen Løvland sine merittar i hevd. Kulturleiar Maya Maya Ranestad Hjertholm i Evje og Hornnes […]