Det var lun stemning på Milano fredag kveld! Foto: Geir Daasvatn

Stemningsfull Hank Williams-tribute

Gunnar Stubseid, Stina Brandin, Vidar Frøysnes og Knut Djupdal laga ein høgtidsstemt konsert ut av Hank Williams sin musikk på Milano på Evje fredag kveld.

– Eg har hatt ein draum om å synge Hank Williams-låtar med fullt band sidan eg var 13–14 år.

Gunnar Stubseid

Gunnar arva mange Hank Williams-plater etter bror sin tidleg på 1960-talet. Han pugga både tekstar og melodiar, har han fortald i eit intervju med Setesdølen. Men for oss er han best kjend som felespelar og ein av dei ypparste formidlarane av setesdalstradisjonen. Med Hank Williams-prosjektet syner han fram andre sider av seg sjølv, og det på ein verkeleg fin måte.

Stor låtskrivar!

Hank Williams kom frå fattige kår. Han døydde i 1953, bare 29 år gamal. Han levde eit hardt liv. Men han sette spor for æva, i countrymusikken og musikken i det heile. I Setesdal var Hank enormt populær, fortalde Gunnar som vaks opp med denne musikken.

Tekstane til Hank er korte, enkle og presise. Han dikta livet sitt inn i dei. Dei er sjølve definisjonen på gode countrylåtar – «tre akkordar og sanninga». Nokon har kalla Hank «countryens Shakespeare». Den kanskje største låtskrivaren av alle, Bob Dylan, skal ha meint at Hank Williams var den aller beste.

Gunnar fortalde små historiar rundt låtane og livet til Hank Williams mellom songane. På dette viset blei kvelden ikkje «bare» ein country-konsert, men meir ei heilskapleg oppsetning forma rundt Hank Williams sitt liv.

Bandet

Knut Djupdal på kontrabass. Foto.
Knut Djupdal. Foto: Geir Daasvatn

Gunnar sjølv fortalde, song og spelte gitar. Alt på ein veldig lun og stemningsfull måte. Det var utruleg fint å sjå ein av dei største spelemennene i Setesdal utfalde seg på eit heilt annsleis vis.

Vidar Frøysnes spelte lapsteel og el-gitar med stor innleving. Vidar er som oftast i fronten av bandet når det er konsert. Men her tyktes han å storkose seg noko meir i bakgrunnen.

Stina Brandin er ein verkeleg kunstnar med fela. Fela var elles av ypparste klasse, laga av far hennar felemakaren Gunnar Brandin i Sverige.

Den rutinerte bassisten, trekkspelaren, organisten og dirigenten Knut Djupdal frå Søgne utfylte bandet på den elektriske kontrabassen sin.

Lyden var framifrå setta opp av Kjetil Carolis Jore. Mixepulten hans ser ut som instrumentpanelet i eit Boeing 737!

Når musikarar på eit så høgt plan som dette slår seg saman, og får støtte av ein profesjonell lydmann, ja då blir resultatet for oss tilhøyrarar ute i salen storveges.

Eg kan lite om countrymusikk, og endå mindre om Hank Williams. Men eg veit når eg har hatt ei god oppleving, for det kan eg kjenne inne i meg. Slik var det på Milano fredag kveld.

Del "Stemningsfull Hank Williams-tribute"