Otra sitt damelag i 5. divisjon kapra det første poenget sitt for sesongen då jentene spelte 1-1 med Lillesand på EHbanen på Evje onsdag kveld.
Jentene imponerte med sterk laginnsats og til tider godt spel. Kampen var ganske jamnspelt i første omgang. I andre omgang dominerte Otra etter kvart stort. Men Lillesand-jentene var sterke i forsvar, og Otra sleit litt med å skape dei aller største sjansane i opent spel.
Lillesand tok leiinga etter 30 minutt i første omgang, etter ein glipp i midtforsvaret til Otra. Viktoria Kristine Farstad Dahl kom då aleine mot Otra si solide målvakt Sigrid Åselle Byklum, og kunne skore ganske enkelt. Det var elles den einaste store feilen som blei gjort i forsvaret i denne kampen. Dei to midtstopparane Julie Telhaug og Helene Odde Torndahl var botnsolide! Keeper Sigrid Åselle, i sin første kamp for året, var trygg og roleg i spelet sitt. Med seg i forsvaret, på kvar sin kant, hadde dei sidebackane Tonje Greibesland og Ingrid Mjåland Tveiten. Dei to var veldig friske og mykje engasjerte i oppstarten av spelet bakfrå. Det var imponerande å sjå kor pasningssikre dei var.
Stykket held fram under biletet

Heimelaget tok over
I andre omgang tok Otra meir og meir over banespelet. Innsatsviljen var stor. Utfordringa var å omsette overtaket til gode sjansar og til slutt mål. Men langt ut i kampen lukkast jentene endeleg. Anne Dyrland Hamre fekk kontroll på ballen litt til venstre for mål, og brukte den strøkne venstrefoten sin til å sette eit fint skot opp i nettaket. Ei flott skoring!
Mot slutten av kampen sendte Tine Birkeland først eit frispark i tverrstonga, og deretter eit nytt eit i stolpen. I første omgang hadde også Janne Nessa ei knallhard avslutning i tverrstonga. Så Otra var ikkje mange centimeterane frå årets første siger!
Oppsummert var det ein sterk og god kamp jentene spelte, mot eit hardt-kjempande Lillesand-lag. Kapteinen på bortelaget, nr. 22 (står ikkje i lagoppstillinga), var dominerande. Otra-jentene var spesielt solide bak i banen, både i det defensive og oppbyggjande spelet. Når jentene får trent noko meir saman, og kanskje fokusert litt meir på korleis angrepsspelet kan bli meir effektivt, var dette første poenget i 2025-sesongen nok bare byrjinga på noko mykje større.
Otra sitt lag i denne kampen: Sigrid Åselle Byklum, Tonje Greibesland, Julie Telhaug, Helene Odde Torndahl, Ingrid Mjåland Tveiten, Tine Birkeland, Synnøve Kjetså Homme, Christina Berg, Eiril Kyllingstad Nygård, Janne Nessa, Mathilde Kjær Langeid, Emma Røykenes, Anne Dyrland Hamre.
Trenar: Svein Birkeland
Dommar: John Sigurd Thomassen
Du vil kanskje også lese: Otra-tap på heimebane trass god innsats (herrelaget i 6. divisjon)
