«Ei storstilt utbygging av lynladestasjonar i Setesdal er snart fullført.» Det skriv Fædrelandsvennen i ein svær reportasje på motorsidene sine torsdag 29. desember.
Utbyggaren av ladestasjonane er Eviny AS i Bergen. Deira prosjektleiar er Lars Christian Engø. Oppdragsgivar er Setesdal regionråd. Så har Knut Hovet Installasjoner AS, med hovudkvarter på Rysstad, stått for sjølve utbygginga. Far og son Olav (t.v.) og Knut Inge Hovet leiar firmaet.
Det er nå ladestasjonar på Hægeland, på Evje, i Bygland, på Rysstad, i Valle, i Bykle kyrkjebygd og på Hovden, skriv Fædrelandsvennen. Dei fleste av ladestasjonane har max.effekt på 200 kW.
Rita Hansen, dagleg leiar i Setesdal Regionråd, meldar i følge den fine reportasjen om hallelujastemning for utbygginga. Det er ei stemning som passar perfekt inn nå i juletida
Det er ei verkeleg gladsak Fædrelandsvennen har drege fram og laga i stand her. Heile reportasjen kan som sagt lesast i torsdagsutgåva av avisa.