Ljosådalen 3. oktober 2018. Foto: Geir Daasvatn

Sykkeltur i vakre Ljosådalen

Frå Sessane bru over Otra rett vest for Bjørnarå kan du sykle fleire kilometer innover i den vakre Ljosådalen.

Ljosådalen er eit 15–20 kilometer langt dalføre lengst nord i Valle, på vestsida av Otra. Dalen, med Ljosåni i dalbotnen, strekk seg frå Setesdal Vesthei i vest og ganske rett aust–nord-aust med utlaup i Otra vest for Bjørnarå. Om lag halve dalføret, den indre delen lengst vest, ligg innanfor Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. 11. desember 2015 blei Ljosådalen også verna som naturreservat.

I den austre enden av Ljosådalen ligg den gamle husmannsplassen Oddeskar, som er vidgjeten etter at Daniel Oddeskar fekk øydelagt ansiktet her i kamp med ein bjørn.

Stykket held fram under biletet

Endepunktet på vegen. Foto: Geir Daasvatn

Det går skogsbilveg/anleggsveg 4–5 km vestover i dalen frå Riksveg 9. Vegen er stengt med bom. Det er grei plass til å parkere ein bil før brua og bommen. Så er det bare å hekte sykkelen av stativet, og legge i veg. Det går ganske bratt oppover i starten, og flatar deretter meir ut.

Vegen tek slutt ved eit mindre damanlegg/bekkeinntak i elva.

Turistløypa Bossbu–Lisle Hisdal

Den merka turistløypa mellom Bossbu i Setesdal Vesthei i Valle og Lisle Hisdal i Bykle passerer Ljosådalen om lag ein kilometer vest for enden av vegen som er omtala her. Utan at eg har prøvd det sjølv, og om du er full av pågangsmot, kan det nok vere veldig fint å kombinere den etter måten korte sykkelturen med ein fottur til dømes til støylane på Øyan nokre kilometer sør for Ljosådalen. Den aktuelle ruta er merka med stipla, raud line på kartet.

Kart over området

Kjelder

Ljosådalen 3. oktober 2018. Om du følger stigen vestover her, på sørsida av åna (t.v.), kjem du snart til turistløypa som kryssar dalføret. Foto: Geir Daasvatn
Del "Sykkeltur i vakre Ljosådalen"