Husmannsplassen Hagen – i bilete

Stogehuset og stolpehuset i Hagen i vinterdrakt. Foto.

Eg har laga eit lite bilethefte om dette vakre og unike kulturminnet på Lauvdal i Bygland. Heftet har 36 sider og format 21 x 21 cm. Eg har auka storleiken i høve til dei siste A-5-hefta mine, slik at bileta kan kome endå meir til sin rett. Prisen hos meg er 80 kr. Heftet er […]

Ballen rullar for husmannsplassen Hagen!

Husmannsstoga i Hagen. Foto.

I dag var eg så heldig å få vere med på eit møte i Bygland, der tilstanden til og framtida for den unike husmannsplassen Hagen på Lauvdal var oppe til diskusjon. Møtet var komen i stand etter initiativ frå fleire, og ikkje minst ein bra artikkel om husmannsplassen i Setesdølen for nokre veker sidan. Dei […]

Hagen på Lauvdal – bli med inn!

Innestova i Hagen. Foto.

Den nydelege, gamle husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland har mange av oss sett og beundra frå utsida, på veg oppover eller sørover i Setesdal. Vegvaktaren Gunstein S. Lauvdal – den siste som budde i den vesle husmannsstoga – gjorde eit intervju med Setesdølen ca. 1982. Der gav han opplysningar som tyder på at han budde der […]

«Bygland parkvesen» ferdig med første jobben i Hagen!

Olav Grendstad og dei to praktikantane Andrii Ktitor og Yevhen Voroshylin etter fullført jobb 14. juli 2023. Foto.

Arbeidsgjengen med det litt uformelle namnet «Bygland parkvesen» har nå fått rydda unna det mest påtrengande av buskar, kratt, store greiner og små tre m.v. rundt bygningane på husmannsplassen Hagen på Lauvdal. Dei tre er Olav Grendstad (arbeidsleiar) og dei to praktikantane Andrii Ktitor og Yevhen Voroshylin frå Ukraina. Dei er engasjerte på deltid i Bygland kommune i sommar. […]

Husmannsplassen Hagen blir rydda!

Husmannsplassen Hagen . Foto.

Husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland er eit vakkert og verdifullt kulturminne i Setesdal. Nå er ein liten flokk personar i parkvesenet i Bygland i gang med å rydde staden for buskar og kratt. Diverre har staden grodd ikkje så reint lite igjen dei seinare åra. Bygningsmassen treng òg noko vøling. Det stod eit stort […]