Olav Grendstad og dei to praktikantane Andrii Ktitor og Yevhen Voroshylin etter fullført jobb 14. juli 2023. Foto: Geir Daasvatn

«Bygland parkvesen» ferdig med første jobben i Hagen!

Arbeidsgjengen med det litt uformelle namnet «Bygland parkvesen» har nå fått rydda unna det mest påtrengande av buskar, kratt, store greiner og små tre m.v. rundt bygningane på husmannsplassen Hagen på Lauvdal.

Dei tre er Olav Grendstad (arbeidsleiar) og dei to praktikantane Andrii Ktitor og Yevhen Voroshylin frå Ukraina. Dei er engasjerte på deltid i Bygland kommune i sommar. Ved sida av å få gjort eit viktig vedlikehaldsarbeid, har oppdraget gitt sosialt samvær, språktrening, motivasjon og litt goodwill utad. Vinn-vinn for alle partar 💝

Større tre, eventuell rydding over eit større område og naudsynte bygningsmessige arbeid må fagfolk ta seg av vidare. Eigarane av bygningane og arealet rett rundt er Bygland kommune (Bygland Tun) og Setesdalsmuseet. Innmarka utforbi dette høyrer til Nordgarden på Lauvdal (Lauvdal, nordre, Roar Støbet Lande). Arbeidet nå er utført i forståing med desse.

Sjå også

Del "«Bygland parkvesen» ferdig med første jobben i Hagen!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.