Snipa på Longerak – majestetisk utsiktspunkt!

Utsynet utover Byglandsfjorden 5. oktober 2023. Ein klar haustdag med knallblå himmel. Foto.

Høgt oppe i lia mellom Longerak og Longeraksvatnet ligg Snipa, eit utkikkspunkt med eit enormt utsyn ned til Longerak, over mot Frøyrak, og endå mykje lenger både sørover og nordover Byglandsfjorden. Snipa er ikkje eit offisielt namn på fjellet. Kva namnet kjem av veit eg ikkje. Staden blei litt kjend for turgåarar då toppen fleire […]