Torgrim Dåsnes. Faksimile frå Jol i Setesdal, 2008

Tim Dåsnes – skulemann og motstandskjempar

Torgrim (Tim) Dåsnes var fødd 28. september 1920 og døydde 19. oktober 2007. Han budde i Hornnes. Tim var lærar og skulesjef i Evje og Hornnes kommune i ei årrekke.

Tim tok lærarprøva i 1950. Etter det var han lærar i Sørkedalen. I 1960 vart han tilsett som lærar på Evje skule. I 1961 blei han rektor (skulestyrar) på Evje skule og skuleinspektør i Evje og Hornnes kommune etter Torvald Haavardstad. Tittelen skuleinspektør blei seinare til skulesjef, og Tim vart sitjande i stillinga i meir enn 25 år, heilt fram til oppnådd pensjonsalder 31. desember 1987. Rektor på Evje barneskule var han fram til 1972.

Engasjert i lokalhistoria

Tim var ein stor ressurs i det lokalhistoriske arbeidet i Evje og Hornnes. Han var med i skriftstyret i Jol i Setesdal i ni år. Han var ei drivkraft i arbeidet med Arnstein, årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag. Alt lokalhistorisk stoff han hadde samla opp gjennom tida, let han sogelaget få overta då han døydde. Tim var også svært aktiv i tida som pensjonist, mellom anna i Evje og Hornnes pensjonistforening og Evje og Hornnes mållag, i tillegg til arbeidet sitt med Arnstein og Jol i Setesdal.

Motstandsmann under krigen

Tim var augnevitne til det tyske flyåtaket på Evjemoen 11. april 1940. Han var djupt involvert i motstandskampen under krigen som følgde. Evje og Hornnes var mot slutten av krigen, i 1944–1945, eit viktig knutepunkt mellom hovudkvarteret til Milorg i Åseral i Vest-Agder og hovudkvarteret i Mykland i Aust-Agder. Kurer og ordonnans mellom hovudkvartera var Magnus Uleberg. Han var gruppeleiar for Milorg i Hornnes. Tim Dåsnes hadde ansvaret for «postkasser» rundt i distriktet, heiter det i det store bokverket om Aust-Agder under okkupasjonen. Sjølv har han sagt at det var mykje kurérteneste. I eit foredrag for elevar på Evje skule har han fortalt mykje om det illegale arbeidet han var med på. Det er ei dramatisk historie. Eg håpar eg kan fortelje litt meir om det ved eit anna høve.

I november 1944 slo tyskerane til mot Milorg i Hornnes. Tim blei arrestert av tyskerane 7. november, i samband med opprulling av Milorg i Mykland. Han blei utsett for gov tortur på Arkivet i Kristiansand, og sat fengsla på Møllergata 19 i Oslo til freden endeleg kom 8. mai 1945.

Les også: Anders Skaiå – ein helt frå krigens dagar

Idrettsmann i unge år

På gamle bilete kan me sjå at Tim var ein veltrent ungdom. Han var den første leiaren i Hornnes idrettslag då laget vart skipa i 1945.

Tim sleit noko med helsa den siste tida han levde. Men Rita Flottorp, som hadde mykje kontakt med han i samband med lokalhistorisk arbeid, skriv at han hadde den lune humoren og den gode replikken til det siste.

Kjelder

  • Artikkelen om Torgrim Dåsnes på Setesdalswiki
  • Rita Flottorp, Torgrim Dåsnes til minne, minneord i Jol i Setesdal 2008, s. 39
  • Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, 1990, s. 473 og band II, s. 130–132
  • Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år – ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeve av Otra IL, 2010, s. 25
  • Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940–1945, Friluftsforlaget, 2. utg. 2018, s. 295–296 og s. 521 første spalte
Del "Tim Dåsnes – skulemann og motstandskjempar"