På veg mot Store Førsvatn 15. august 2022. Foto: Geir Daasvatn

Tur til Store Førsvatn i Bykle

I fjor sommar var eg for første gong ein «liten» tur inn til Store Førsvatn i Bykle. Det var ein nydeleg sykkel- og spasertur i varmt augustvêr. Når hausten kjem, med alle fargane sine, vil eg tru at turen kan vere ei endå finare naturoppleving.

Med utgangspunkt frå Hovden sentrum, kan du køyre eller sykle inn til Breive. Det er om lag 5 km. Ved Breive pumpestasjon kan du parkere bilen på plassen før bommen (t. v. for bommen, pass på å ikkje stenge vegen for anleggstrafikk, grunneigarar m.v.), hekte av sykkelen og sykle vidare på god grusveg. Eller bare fortsette om du alt er på sykkelen. Bomvegen er rundt 2 km lang.

Vidare til fots

Ved enden av grusvegen er det snuplass. Fortset vidare framover nokre ti-tals meter. Du kjem til ein liten bekk som du må over. På andre sida av bekken ser du ein veldig tydeleg oppgått stig. Følg stigen vidare opp den første ganske bratte kleiva. Etter det flatar det meir ut. Du kan bare «cruise» deg sakte fram til Store Førsvatn mens du nyt naturen rundt deg. Eg tenker spaserturen er på rundt 1 km.

Stigen er ikkje merka. Men når du først har funne startpunktet, rett etter snuplassen, er det bare å følge stigen til målet. Han er også merka med raud, stipla linje på Norgeskart.no.

Me er jammen heldige som kan vandre rundt i slikt eit landskap. Håpar du også kan ha lyst til ein aldri så liten fjelltur i dette naturskjøne området ein gong det passar 🙂

Sjå også

Store Førsvatn 15. august 2022. Foto: Geir Daasvatn
Del "Tur til Store Førsvatn i Bykle"