Rita Flottorp frydar seg på tur til Kleveknutten på Hannås i Hornnes. Foto: Geir Daasvatn

Turtips neste på Setesdalssida.no

Det neste prosjektet på Setesdalssida.no er å lage ein seksjon med tips til fine turar rundt om i Setesdal.

Visit Setesdal, kommunane i Setesdal (til dømes Valle), UT.no og fleire andre har nettsider med turforslag i Setesdal. Det er supert!

Men ofte gjeld dette dei mest kjende eller spektakulære turløypene. Eg har ei innstilling til livet der eg gledar meg veldig over vanlege kvardagar og «småting». Små underverk i kvardagen, så og seie. Difor har eg hatt mange store opplevingar rundt omkring i Setesdal, også langt utanfor dei mest populære turløypene.

Ein fin tur treng ikkje å vere til den høgaste fjelltoppen!

Å vere ute i skog og mark er godt for både kropp og sjel. Turmålet treng ikkje å vere den høgaste fjelltoppen i kommunen, eller den mest spektakulære fossen. Ein kort tur i nabolaget, eller ein roleg sykkeltur langs ein gruslagt landeveg ein varm sommarkveld, kan også vere ei fin og givande oppleving.

Saka held fram under biletet

Storetjønn, Bykle. Foto.
Storetjønn på veg innover til Nordbygdi i Bykle er eit «kortreist» men utruleg fint turmål. Foto: Geir Daasvatn

Ved å fortelle litt om nokre plassar eg har vore, og som ikkje alltid er med i dei offisielle turoversiktane, håpar eg å inspirere endå fleire til å ta seg ein tur ut i skog og mark. Samstundes vonar eg å kunne fortelle litt meir om nokre av dei fantastiske skattane som finst rundt om i heile dalen. Vakre, gamle kulturminne, naturperler og alt mogeleg anna som finst der ute, og som det kanskje ikkje er fortald så mykje om. Turen blir liksom litt ekstra stas, om du langs stigen kan beundre eit gamalt kvernhus eller kanskje ein stor stein som det knyter seg eit segn eller to til.

Saka held fram under biletet

Husmannsplassen Plasset på Ose. Foto.
Plasset ligg skjult inne i skogen bare nokre få hundre meter frå Ose Turistheim. Ein fin, liten avstikkar etter god mat på Turistheimen. Foto: Geir Daasvatn

Eit mål kan vere 100 turtips i Setesdal

Heime hos meg sjølv, i Evje og Hornnes, har eg skrive om lag 80–90 små artiklar med turtips i min kommune. Eg er ikkje like sprek som på fotballbanen i ungdomstida lenger. Men eg vil då tru at eg kan kome meg litt rundt i Setesdal også, og få til noko liknande her, så lenge det ikkje er alt for langt oppe i fjellheimen.

Ut av desse småturane mine vil eg så lage nokre korte turskildringar. Min gode «teknikarven» Inge Fredriksen vil sette opp ein «turmal», som eg kan skrive artiklane inn i. Slik får dei ei litt einsarta og kjenneleg form. Me vil at alt me lagar i stand på nettsida vår skal vere brukarvenleg og ha ein høg, teknisk standard.

Nå i starten vil «malen» vere veldig enkel. Så vil me fylle han ut med meir innhald og tekniske løysingar etter kvart (kart, distansar, osv.).

Turane vil bli samla under eit eige punkt i menyen, på same måte som «Kulturminne«, «Attraksjonar» og «Vekas bilete«, slik at dei skal vere lette å finne fram til.

I gang frå påsketider

Inge tek til med å sette oppå denne nye seksjonen i desse dagar. Så håpar eg å vere i gang med å fylle han med turtips i dalen innan påske eller noko slikt.

Kom gjerne med turtips!

Har DU kjennskap til nokre turmål du meiner fleire burde få vite om? Ta gjerne kontakt! Så kan me jo sjå om eg – eller du – kan skrive ein liten artikkel og få turen inn i oversynet vårt.

Bøgruva, Valle. Foto.
Bøgruva 16. juli 2018. Eit spennande turmål, rett i «nabolaget»! Foto: Geir Daasvatn
Del "Turtips neste på Setesdalssida.no"