Veteranbussen på veg gjennom Åraksbø 17. juni 2017. Foto: Geir Daasvatn

Veteranbuss nr. 24

Veteranbuss nr. 24 er ein grøn Scania Vabis B55 frå 1960 med overbygg truleg frå Føreland i Øvrebø og svensk motor. Eigar er Setesdal Bilruter.

Eg har sett dette fine og nostalgiske køyretøyet langs vegen ganske mange gonger, for eksempel i bilparadar på 17. mai. Eg har ikkje teknisk innsikt, og har ikkje visst anna om køyretøyet enn at det er ein gamal rutebuss Setesdal Bilruter har og brukar ved høgtidelege høve.

Men i 2023-utgåva av årsskriftet Setesdal og setesdølar står det eit lite stykke, skrive av Karin Bøe, om Setesdal sogelag på tur ved Byglandsfjorden 13. august 2022. Der blei dei som var med skyssa langs fjorden med denne veteranbussen, og Karin har skrive nokre ord om han. Så då fekk eg lyst til å lage ein liten notis, samstundes som eg på det beste kan anbefale årsskriftet. Det er lesestoff av høg klasse!

Rå muskelstyrke!

Bussen gjekk i rute mellom Kristiansand og Hovden. Registreringsnummeret er I – 27324. Han har aldri vore avregistrert.

I den gilde jubileumsboka Leonhard Jansen har skrive i samband med 100-årsjubileet til Setesdal Bilruter i 2020, er det på s. 136 sagt at bussen var nyrestaurert i 1997. Då – og nå – er fargen grøn. På s. 138 er det eit anna bilde av same bussen, på 1990-talet, men i raude og gule fargar.

Korleis heng dette med fargane saman? På slutten av 1950-talet blei bussane måla grøne. Men disponent Fuhr likte ikkje fargen, skriv Leonhard Jansen, for bussane gjekk i eitt med skogen meinte han. Han begynte å prøve ut raude og gule fargar, og etter kvart fekk fleire og fleire av bussane den rette fargekombinasjonen. Dei grøne bussane var å sjå etter vegen til 1964. Veteranbuss nr. 24 har såleis fått tilbake den opphavelege grøne fargen sin.

Bussen har korkje servostyring eller servobremser, slik at det må rå muskelkraft til for å køyre han. Det er heller ikke aircondition. Så midt på ein glovarm sommardag kan nok bussturen bli temmeleg heit.

Veteranbuss nr. 24 forbi Haugen i Hornnes 17. mai 2020. Foto: Geir Daasvatn
Del "Veteranbuss nr. 24"