Otrahallen laurdag kveld 5. oktober 2024. Foto: Geir Daasvatn

120 ungdomar på datatreff i Otrahallen i helga!

Den frivillige organisasjonen LAN-E i Evje og Hornnes har 10-årsjubilum i 2024. Det blei feira med eit rekordstort LAN-arrangement i Otrahallen i helga.

Sjølv veit eg ikke så mykje om kva LAN er for noko. «Datatreff» gir litt meir meining, men forklarer heller ikkje all verden. Det gjeld sikkert fleire av lesarane. Ei kort innleiing kan difor vere ein god start:

LAN er ei forkorting for «lokal area network». Det er eit lågterskeltilbod til ungdomen der gaming skal vere ein sosial happening, og ikkje alltid bare ein stemme i headsettet. På LAN kan ungdomane vere fysisk saman og møte andre med lik interesse. Under samlinga blir det arrangert konkurransar, cosplay workshop, VR, 3D printing, fysisk aktivitet og lagt til rette for andre kreative aktivitetar (tekst frå nettsida til LAN-E).

Julie Abusdal var ei av mange jenter i Otrahallen denne helga. Ho erobra 1. premien i byggekonkurransen i Minecraft som gjekk over 24 timar! Foto: Geir Daasvatn

Eg var ein tur innom Otrahallen laurdag kveld. Det var litt underleg å kome inn i den mørke hallen med alle dei opplyste dataskjermane. Men då eg fekk tenkt meg litt om, kom eg på at stemninga ikkje var så frykteleg ulik ungdomsdiskoteket på Pioneren i mi ungdomstid. Bare det at då kom det blå lyset frå ei svær discokule, medan det i dag kjem frå heilt andre innretningar. Eg trur likevel at mykje av gleda kan ligge i det same – å kome saman med andre ungdomar med same interesser. Her treff dei venene sine, dei opplever samhold og dei hjelper kvarandre med å løyse ulike utfordringar som oppstår. Ein vaksen pedagog ville kanskje kalle det å bygge «sosial kompetanse».

Rekorddeltaking

Heile 120 ungdomar var med på datatreffet denne helga, frå 6. klasse i barneskulen til 3. klasse på vidaregåande. Det var fleire på venteliste som ikkje fekk plass. Så mange har aldri vore med på LAN sidan oppstarten i 2014. Då var det rundt 10 deltakarar. Ei veldig positiv utvikling i løpet av desse 10 åra er at fleire og fleire jenter er blitt med. Det styrkar miljøet og den gode opplevinga for alle!

Stort apparat!

I foreninga LAN-E er det 30-35 aktive medlemer som hjelper til med LAN-arrangementa. I tillegg er det 4–5 foreldre/føresette til stades til einkvar tid, for å bidra til god orden og tryggleik. Foreldra går 3-timarsvakter. I løpet av helga var det såleis svært mange vaksne og ungdomar som stilte opp for å få arrangementet trygt og godt i hamn.

Oppgåvene gjennom helga var enormt mange. Her var det kioskdrift, solid leia av Kjetil Thorsen og Gunhild Lidtveit, rydding av hallen med jamne mellomrom, alt det tekniske utstyret måtte riggast opp før datautstyret kunne fyrast i gang og då det heile var over kom «den sure svien» – nedrigging igjen av utstyret og opprydding av hallen.

Underhaldningssjef Ben Kristian Einarsen var ein travel mann, men hadde tid til eit kjapt bilete. Foto: Geir Daasvatn

Eit spennande trekk ved datatreffet var at mange ungdomar var med og utførte ulike oppgåver. Dei lærer på det viset å ta ansvar og korleis det er lage eit arrangement. Eg var heldig og traff Ben Kristian Einarsen (16) i hallen. Han er ein av mange som har gått frå å vere deltakar på LAN til å bli med som arrangør. Denne helga var han leiar for underhaldningskomiteen. Mange ungdomar kjenner han nok også igjen som drivar av populær fotball-podkast saman med Jostein Leifsen.

I spissen for denne svære og innsatsvillige gjengen står Anders Odde Torndahl, som er leiar i LAN-E. Anders er tildelt Frivillighetsprisen i Evje og Hornnes (2021), for sitt gode og mangeårige arbeid med LAN-E. Han har med seg Kittil Olaf Barstad som nestleiar og – vil eg tru – teknisk sjef.

Praktisk talt gratis

LAN er meint som eit verkeleg lågterskeltilbod, der ALLE skal kunne vere med. Her skal det ikkje koste skjorta å delta. Kontingenten for å vere medlem i LAN-E er kun 50 kr pr. år. Då er det gratis å vere med på alle arrangementa det året. Det er normalt eitt LAN om våren og eitt datatreff seint på hausten. Ikkje-medlemer betaler 100 kr pr. arrangement.

Kioskdrifta i Otrahallen under treffa er tufta på «ikkje forteneste-prinsippet», altså at inntektene bare skal dekke utgiftene. Prisane er om lag som i butikken. Datautstyr kan vere dyrt. Difor har Lan-E kjøpt inn nokre låne-PCar, skjermar, tastatur, headsett og datamus som deltakarane kan låne under arrangementa. Tip-Top på Evje leverer mat til ein billig penge. Overnatting i Otrahallen for dei som treng det kostar ikkje noko. Mykje blir altså gjort for at alle som har lyst skal kunne vere med.

Mange gode støttespelarar

Det er ikkje mogeleg å nemne alle som på ulike vis støttar LAN-E og ungdomane. Eg veit heller ikkje kven alle er. Otrahallen med Tony Halsall i spissen er ein viktig medspelar som legg tilhøva godt til rette for det svære opplegget. Databutikken på Evje med Marit Vegusdal og Linn Moseid i spissen har vore ein trufast støttespelar heilt sidan oppstarten i 2014. Saman med Power Evje leverer dei premiar og anna teknisk utstyr. Altidata har gjennom mange år gitt masse hjelp med datautstyr og driftar også nettsida til LAN-E. Hennig Olsen Is stiller med gratis is og Sørlandschips i Kristiansand har gjennom mange år støtta med gratis chips.

Stemningsbilde LAN 2019. Foto.
LAN 2019. Foto: Geir Daasvatn

Eit kapittel for seg er samarbeidet med Altifiber. Det har pågått heilt frå starten. Som ei overrasking til 10-årsjubilanten i 2024 stilte Altifiber ved avdelingskontoret på Evje opp med den råaste internettlinja til Lan-E nokon gong. Det var ekstreme hastigheitar, heile 10 000 Mbps. For meg som er bortimot blank på den slags seier ikke det så mykje. Men til samanlikning er gjennomsnittshastigheiten for internett i Norge på rundt 0,151 Gbit/s (151 Mbps). Det seier mykje meir!

Meir om den råaste internettlinja nokon gong!

Så må sjølvsagt Sparebanken Sør nemnast. Som ein slags «rosin i pølsa» fekk LAN-E tidlegare i haust 80.000 kr frå banken. Det var førstepremien då banken lyste ut midlar til lag og organisasjonar i Setesdal som eit ledd i 200-årsjubileet sitt.

Me er veldig takknemlege for gåva frå Sparebanken Sør, og vil også gjerne takke alle som stemte oss fram i konkurransen, seier ein entusiastisk Cato Christensen i LAN-E.

Gratulerer med 10-årsjubileet, lykke til vidare

Det nærma seg midnatt og eg måtte vende nesa heimover til senga som venta. Eg sluttar meg fullt og heilt til Vegard Nicolaysen sine ord. Han var ein av foreldra som var med som hjelpar i helga:

Eg som forelder må få seie nokre gode ord om organisasjonen LAN-E. Dei gjer ein stor innsats som me foreldre og føresette set stor pris på. Dei står på og legg ned myke arbeid for å engasjere ungdom i bygda og distriktet i ein veldig spennande og positiv aktivitet. Takk!

Gratulerer med 1-årsjubileet, og lykke til med arbeidet vidare!

Du vil kanske også lese: Besøk på SommerLAN 2019

Del "120 ungdomar på datatreff i Otrahallen i helga!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.