For om lag ti år sidan blei våningshuset i Tveitetunet i Valle demontert for restaurering. Det nydelege resultatet av denne lange prosessen kunne me alle beundre og glede oss over under det fine opningsarrangementet på museumstunet laurdag 11. juli.
Den gongen for snart ti år sidan var bygget i så dårleg stand at det var heilt nødvendig å plukke det ned, fortalde leiar for Setesdalsmuseet, Hind Helene Harira, under opninga.
I desse ti åra har ikkje lokalbefolkninga hatt tilgang på denne staden som så mange har eit spesielt og nært forhold til. Difor er det ein stor og rørande dag for mange når me nå kan invitere inn til dette vakre tunet og igjen opne dørene, understreka ho.
Den eldste delen av våningshuset skal vere frå 1600-talet. Gjennom historien har Tveiten vore både lensmannsgard og tingstad. Frå 1785 til 1837 budde lensmannen og Eidsvollmannen Olav Knutsson Tveiten her. Ved Setesdalsmuseet reknar dei med at våningshuset blei bygd på og utvida til to etasjar etter at han hadde vore på Eidsvoll i 1814.
Setesdalsmuseet overtok bygningane og eit høveleg område rundt i 1969. Det blei gjennomført ei større restaurering. Målet då var å føre bygningen tilbake til slik han var i Olav Tveiten si tid.
Restaureringsprosessen
Restaureringa som blei gjort på 1960-talet skil seg veldig frå den restaureringa som er gjort no. Det ligg omfattande dokumentsøk, faglege drøftingar og mange vurderingar til grunn for resultatet me ser i dag.
Stykket held fram under biletet

Restaureringa har ikkje berre vore eitt prosjekt. Det er mange delprosjekt, og mange har vore involverte i arbeidet. Setesdal Bygningsvernsenter, ved Anders Dalseg og Leif Røysland, har hatt det faglege ansvaret for arbeidet. Dei har også stått for mesteparten av handverksarbeidet. Museumsstyrar Hind held fram at dei er veldig krye på museet for å ha så kortreist ekspertise. Anders og Leif har samarbeidd med lokale handverkarar, mellom anna Eivind Greibrokk og Lars Gunnar Sangesland.
Eit stort delprosjekt har vore leirmuring av eldstad og muring av pipa over taket. Det arbeidet har nestoren på fagfeltet Eystein Greibrokk stått for. Eit anna stort arbeid var restaurering av vindauga. Anders Dalseg fortalde under opninga ganske i detalj korleis det arbeidet var utført. Me som ikkje er fagfolk eller handverkarar har nok vanskeleg for å forstå kor mykje arbeid som ligg bak.
Eg har ikkje innsikt i byggefaget og skal ikkje gå meir inn på detaljane her. Men i den eine delen av det nyrestaurerte bygget er det sett opp ei fin utstilling som syner korleis restaureringsarbeidet har gått føre seg. Der kan du lese og sjå mykje meir om prosessen gjennom heile sommaren.
Økonomien i prosjektet er ei sak for seg. Den viktigaste bidragsytaren og støttespelaren som gjorde restaureringa mogeleg har vore Agder fylkeskommune.
For ein stab!
Hind Helene Harira avslutta innlegget sitt under den fine seremonien med å lovprise staben ved Setesdalsmuseet for eit eksemplarisk lagarbeid for å få alt ferdig til opningsdagen. Samlingsforvaltar ved museet, Åse Ingeborg Haukelidsæter Vistad, har malt alle vindaugo med linoljemaling. Tom Inge Trydal, nemnte Åse Ingeborg og Ingvill Rike har stått på i hundre med det krevjande reinhaldet. Silje Høgevold og Stina Brandin Hovet har også vore viktige medhjelparar.
At Setesdalsmuseet har mange strengar å spele på i staben blei veldig tydeleg då dei to sistnemnte også underheldt oss med stemningsfulle stev og klokkeklart felespel. Det var nydeleg å sitte i skuggen under det svære tuntreet på Tveitetunet denne varme sommardagen og berre nyte musikken, spelet, det fredfulle kulturlandskapet og det mektige, vakre og nyrestaurerte våningshuset like framføre oss.
Les også: Ordførar Lars Tarald Myrum sin tale under opningsarrangementet
