Aasmund O. Kjetså med vesle Geir Kjetsaa i kajakk på Voilan 1944. Foto frå Alf Georg Kjetså si biletsamling.

Aasmund O. Kjetså – barneven, eldsjel og idrettsutøvar

Eg har skrive ei lita bok om Aasmund O. Kjetså (1915–1947). Han var eit godt menneske. Han utretta mykje på den korte livsvegen han fekk.

Boka, eller snarare heftet, har svært mange bilete frå den tida Aasmund levde. Dei kjem frå Alf Georg Kjetså si unike biletsamling. Eg er Alf Georg stor takk skuldig.

Barndom og oppvekst

Aasmund blei fødd på Kjetså i Hornnes i 1915. Han var son av Olav Aasmundson Kjetså (1883–1959) og Kari Henriksdotter Kjetså (1882–1969). Kari var dotter av lensmann Henrik Moseid.

Faren Olav var bonde på gardsbruket «Der inne aust» i Neregarden på Kjetså. Her vaks Aasmund opp saman med tre eldre systre; Siri (1907–2002), Ragnhild (1908–1998) og Aslaug (1912–1972). Etter dåtidas odelsreglar var Aasmund odelsgut og skulle ta over garden med tid og stunder. Det var ein trygg og god heim.

Barndomen til Aasmund var truleg som hos gutar flest på den tida. Dei var utruleg aktive, etter notidas mål. Det var fysisk aktivitet av mange slag, leik og moro, og sjølvsagt mykje fysisk arbeid heime på garden. Han gjekk på Voilestø skule på 1920-talet, og blei konfirmert i Hornnes kyrkje i 1930.

Stykket held fram under biletet

Dei som sit med skeiser, frå venstre Odd Moseid, Aasmund O. Kjetså, Jon P. Kjetså, Einar Kjetså og Arnold Ljosland. Dei som står bak, frå venstre, Aslaug O. Kjetså, Agnes Kårstein (f.1910, gjekk på Gymnaset og budde i Prestegard) og Ragnhild Kjetså. Foto frå Alf Georg Kjetså si biletsamling.

Arbeid

Ved sida av arbeidet heime på garden, dreiv far Olav og Aasmund sagbruk og kvern i Fossen i Kjetsåna. Aasmund var sjefen på saga, medan Olav styrte mest med kvernhuset. Under krigen mol dei korn for bygdefolket i skjul for tyskerane. Det kunne vere farleg.

Stykket held fram under biletet

Barna trivdest i lag med Aasmund! Her sit frå venstre framme Ragnar Dåsvand, ein komande storhoppar på ski, og Trygve Jortveit, som hang etter Aasmund «som ein klegg». Bak frå venstre Kalle Eriksen, John Jortveit, Arne Daasvatn (far min) og Aasmund. Biletet er frå rundt 1945, og kjem frå Alf Georg Kjetså si biletsamling.

Eldsjel

Aasmund var eineståande med barna og ungdomane på Kjetså. Han organiserte idrettsøvingar av mange slag, og var eit førebilete for dei. Han bygde idrettsbane og hoppbakke heime på Kjetså, saman med andre ungdomar og vaksne hjelparar. I dag ville han truleg blitt kalla ein eldsjel i frivillig arbeid. Men dette omgrepet fantest knappast på 1930- og 1940-talet.

Han var sjølv ein god idrettsmann, spesielt i kombinert (hopp og langrenn). Før andre verdskrigen braut ut var det sett store forhåpningar til han. Høgdepunktet var krinsmeisterskap i kombinert i februar 1940 i Vennesla.

Krig

Men så kom den rystande dagen 9. april 1940. Aasmund deltok i felttoget i Setesdal i aprildagane 1940. Han var utdanna soldat frå Garden. Han var på Evjemoen då leiren blei bomba av tyske fly om morgonen 11. april. Seinare var han også noko med i motstandsarbeidet i Hornnes.

Den militære motstandskampen her fall forenkla sagt i to periodar. Jon Hornnes var leiaren for eit lag i Hornnes i den tida Milorg på Sørlandet blei leia av major Arne Laudal. Jon Hornnes døydde seinare i tysk krigsfangenskap. Major Laudal blei avretta av tyskerane. Etter opprullinga av Laudal-organisasjonen låg arbeidet lenge nede. Mot slutten av krigen kom det i gang igjen, no med Jens Ropstad frå Hægeland som leiar og Magnus Uleberg som sjef for ei gruppe i Hornnes. I kor stor grad Aasmund var involvert i dette arbeidet er uklart. Eg skriv ein del om dette i heftet, for å sette desse viktige åra i livet hans inn i ein samanheng. Han var ven med mange av dei som var engasjerte i arbeidet.

Stykket held fram under biletet

Aasmund ynskjer fangane velkomne heim. Han står midt i det som då var hovudvegen frå Kristiansand oppover i Setesdal. I dag er det tunet heime hos Petter og Åse Marit Hegland i Neregarden på Kjetså. Ut frå det Tim Dåsnes har fortalt om heimkomsten, han sat på Møllergata 19 til freden kom, må det vere 10. mai 1945.

Sjukdom og brå død

Det var stor glede då freden endeleg kom til Norge våren 1945. For Aasmund blei det kortvarig glede. Han blei sjuk med kreft vinteren 1946, og døydde i januar 1947. Det var til uendeleg sorg i familien, og usigeleg trist for ungdomane og barna som var blitt så glade i han. Fredag 31. januar 1947 blei han ført til den siste kvilestaden i ei fullsett Hornnes kyrkje.

Eg skriv mykje meir om alt dette i heftet. Målet mitt er at Aasmund og livsgjerninga hans ikkje skal bli gløymt. Eg vonar at eg har klart å gje eit fint og nokonlunde rettvist bilete av han gjennom det eg har skrive.

Tinge heftet?

Du kan tinge heftet hos meg, Geir Daasvatn, mob/SMS 909 26 724, eller kjøpe det på Norli Evje. Det har 80 sider, og kostar 200 kroner.

Del "Aasmund O. Kjetså – barneven, eldsjel og idrettsutøvar"