Åraksbø 22. januar 2020. Foto: Geir Daasvatn

Åraksbø – bygda som vant mot tida!

Trass i «bygdedød» og dystre spådomar om framtida til landsbygda, opplever Åraksbø i Bygland ei blømingstid.

I november 2003 skreiv Johs. Bjørkeli ei fin sak i Fædrelandsvennen om Åraksbø – bygda som tapte mot tiden. Opp mot 300 menneske skal det ha budd i bygda rundt 1950. I 2003 var talet redusert til under 50. Så Johs. kan nok ha hatt litt rett i tittelen då han skreiv stykket for snart 20 år sidan.

Men kva skjedde vidare?

I dag har eg fått ei veldig triveleg melding frå Thora Bakke Nordgarden. Ho skriv om svaret Johs. fekk frå konene i Åraksbø på artikkelen i Fædrelandsvennen.

Dei skreiv eit langt svarbrev som stod på trykk i Setesdølen litt seinare. Dei meinte det var feil at heimbygda deira hadde tapt mot tida. Tvert om hevda dei at Åraksbø var ei bygd med framtidsperspektiv.

Åraksbø blømer

I dag veit me svaret, og det er veldig enkelt: Bygda blømer!

Det er for tida 18 barn mellom nyfødd og 18 år i bygda. 90–95 prosent av dei som var barn for 20 år sidan har kome heim til Bygland etter endt utdanning. Nye har flytta til. Det siste eksempelet eg veit om, er familien Moi som flytta opp frå Iveland. Kristin og Pål, og borna Arian, Tirill og Theo. Det stod eit kjempefint stykke om familien i Setesdølen for eit par veker sidan.

Thora meiner det aldri har vore enklare å bu i Åraksbø enn no, takka vere digitaliseringa av samfunnet og gode vegar. I bygda bur mekanikarar, bønder, høgskule-/og universitetsutdanna, menneske med skule- og helsefagleg bakgrunn, gartnar og handverkarar. Dessutan har Bygland flotte fritidsaktivitetar for barn og unge. Det er bare å velge!

Tru på heimstaden!

Eg har just gjeve ut eit lite bilethefte frå Åraksbø. Der tilstår eg at eg ikkje er kjent i den vakre grenda, anna enn det eg har sett når eg har vore forbi for å fotografere litt. Men eg stiller spørsmålsteikn ved om tida heilt kan ha teke Åraksbø, for eg meiner nå å ha opplevd ei ganske positiv stemning i bygda.

Då er det veldig moro å få denne vage kjensla av optimisme stadfesta av Thora, og vel så det. Dei som bur i Åraksbø har verkeleg tru på heimbygda si – og på framtida! Kanskje kan Åraksbø, og det som har skjedd der dei siste 20 åra, gje også andre grender og små stader i det kjære dalføret vårt ei solid innsprøyting av optimisme?

Heia Åraksbø, heia Setesdal!

Artikkelen om Åraksbø på Setesdalswiki

Del "Åraksbø – bygda som vant mot tida!"