Arnstein, årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag, er nå å få kjøpt på Norli Evje og hos Eva Haugen Sørgaard i Sogelaget.
Innhaldet er verkeleg spennande og intressant, om du er litt oppteken av den lokale historia.
Selmer Barth Larsen
Me får høyre om Selmer Barth Larsen, som var fødd i Kristiansand men arbeidde som mekanikar ved Evje Nikkelverk frå 1930 til verket blei lagt ned i 1946. Ei interessant side ved den historia, er at sonen Selmer (f. 1919, d. 1996) overtok eigedomen etter faren, og dreiv elektrisk forretning ved innkøyringa til Evje sentrum frå sør i mange år. A. & O. Langeland AS overtok seinare eigedomen og dreiv også elektrisk forretning der. Reidar Larsen har skrive det fine stykket.
Nils Hegland
Atle Hegland Evje har skrive om onkelen sin Nils Hegland, som døydde i tysk krigsfangenskap 3. mars 1945. Nils var ein samfunnsbyggjar i Evje-bygda i åra før 2. verdskrigen, og hadde leiarverv i fleire lokale lag og foreiningar. Då krigen kom til Noreg, blei han veldig tidleg med i aktivt motstandsarbeid. Han var gruppeførar for eit område som dekte Evje, Hornnes, Hægeland, Iveland, Vegusdal og Mykland. Men Milorg-organisasjonen på Sørlandet («Laudal-organisasjonen») bei rulla opp rundt årsskiftet 1942/1943. Nils blei arrestert heime 20. februar 1943. Han var i fleire tyske konsentrasonsleirar. Heilt mot slutten av krigen kom han til utekommandoen Melk, under leiren Mauthausen i Austerrike. Der døydde han altså, kort tid før det tyske riket fall og krigen endeleg var til ende. Han blei utsett for sterk mishandling, slag og spark den siste tida han levde.
Sentrumsgata gjennom Evje heiter Nils Heglands veg. Namnet til Nils står på minnesteinen ved Evje kyrkje, der me kvar 17. mai heidrar dei som fall for fedrelandet under 2. verdskrigen. Det er ei sterk historie, som aleine gjer Arnstein 2025 verdt å lese.
Reguleringa av Evje
Me får eit spennande innblikk i korleis Evje sentrum blei sterkt omforma, då «kompensasjonsvegen» etter nedlegginga av Setesdalsbanen skulle førast forbi Evje. Stykket er opptrykk av ein artikkel som stod i Fædrelandsvennen 25. mars 1964. «Alle» hadde rekna med at vegen skulle følge den gamle jernbanelinja gjennom sentrum. I staden blei han lagt utanom, lenger ned mot Otra der Riksveg 9 er no. I ettertid trur eg veldig mange er glade for det.
Martin Rygg si dagbok
Erik Kjebekk har skrive eit stort stykke med stoff frå Martin Rygg (d. 1973) si dagbok. Martin skreiv i minneboka i åra 1935–1939 og også noko etter 1967. Rygg var eit gardsbruk i Flatebygd. Erik kallar minneboka eit klenodium, som gjev ei levande skildring av fleire sider ved livet i Flatebygd i mellomkrigstida.
Det er meir!
Dette er bare nokre stikkord om innhaldet. Eit anna stykke er om åra då vegen gjennom Dåsvannsdalen blei fylkesveg, rundt 1947–1950. Stykket er skrive av Kåre Arnfinn Vaagsdalen. Ivar Haugen er sjølvsagt på plass med den faste spalta si «Bygda vår for 100 år sidan». Det er avisutklipp som gjev eit lite innblikk i kva avisne melde om tilstanden i bygda på den tida (1924). Eva Haugen Sørgaard rapporterer frå Sogelaget sine turar i 2024. Me får høyre at Evje og Hornnes Sogelag no – endeleg – har fått si eiga Facebookside. Til slutt kjem ein bolk med annonsar frå gode støttespelarar.
Arnstein er eit innhaldsrikt, framifrå lokalhistorisk skrift, utgjeve sidan 1994. 2025-utgåva føyer seg inn i rekka som ei god utgåve. Bladet kan du få kjøpt på Norli Evje eller av Eva Haugen Sørgaard, SMS 416 79 138. Pris: 150 kr. Heftet er trykt hos Synkron Media på Birkeland.
Skriftstyret
Erik Kjebekk, Ivar Haugen, Astri Evanger og Eva Haugen Sørgaard er skriftstyret som står bak utgjevinga denne gong.
Les også: Omtale av 2022-utgåva