Tangen – Bygland

Friluftsområdet Tangen i haustsol. Foto.

Tangen er eit friluftsområde på Prestneset, rett nord for Bygland museum, i Bygland kyrkjebygd. På Tangen er småbåtplassar, Tuftepark, sandvolleyballbanar, offentleg badeplass med nydeleg sandstrand og stupetårn ute i vatnet og mykje anna spennande. Våren 2024 (frå ca. 17. mai) kom også Prestneset Bobilcamp på plass, med rundt 12 oppstillingsplassar. Kvar sommar arrangerer Bygland Luftsportsklubb Gamaveka Extreme i området. Den […]

Bygland museum

Bygland museum. Foto.

Bygland museum ligg på Prestneset nær Bygland sentrum, og er ei avdeling eller samling under Setesdalsmuseet. Museet er nyrestaurert. Anlegget syner byggeskikk og kultur frå midten av 1600-talet, då folk budde i sotete stovermed ljore i taket for ljos og røyk, og med harde benkar langs veggane. Stykket held fram under biletet Bygt inntil er […]