Hagen 25. august 2023. Foto: Geir Daasvatn

Ballen rullar for husmannsplassen Hagen!

I dag var eg så heldig å få vere med på eit møte i Bygland, der tilstanden til og framtida for den unike husmannsplassen Hagen på Lauvdal var oppe til diskusjon. Møtet var komen i stand etter initiativ frå fleire, og ikkje minst ein bra artikkel om husmannsplassen i Setesdølen for nokre veker sidan.

Dei som var med var Ane Gunhild Uleberg (rådgjevar bygningsvern Setesdalsmuseet), Tom Inge Trydal (driftsoperatør/vaktmeistar Setesdalsmuseet), Anna Stella Karlsdottir (ass. direktør Aust-Agder Museum og Arkiv/leiar Setesdal bygningsvernsenter), Aslak Brekke (ass. kommunedirektør Bygland kommune), Roar Støbet Lande (grunneigar), Kjell Lande (grunneigar), Olav Grendstad («Bygland parkvesen»/frivilligheita) og underteikna.

Bygningane i Hagen, og grunnen dei står på, er eigd av Bygland kommune og Setesdal Eigedom AS. Areala rundt er eigd av Roar Støbet Lande. Kommunen/Setesdalsmuseet kjøpte eigedomen på byrjinga av 1980-talet til museumsføremål.

Samarbeidsprosjekt om Hagen

Etter ei kort synfaring på Lauvdal, heldt møtet fram på Stoga på Prestneset. Det var eit særs positivt og produktivt møte. Den korte oppsummeringa er at det nå blir etablert eit «Samarbeidsprosjekt for å revitalisere Hagen».

Stykket held fram under annonsa

Annonse

Bygningsmessige tiltak

Dei dyktige fagfolka ved Setesdalsmuseet og Setesdal bygningsvernsenter vil vurdere tilstanden til bygningane nøye, og finne ut kva for bygningsmessige tiltak som bør bli gjort. Det gjeld både på kort og litt lengre sikt. Til dømes bør taket på stovebygningen få torvtaket på igjen. Dei bygningsmessige tiltaka må sjølvsagt sjåast i samanheng med økonomi. Det er langtfrå alt som er mogeleg å få til nå med ein gong.

Kulturlandskapet

Eit anna delprosjekt vil vere kulturlandskapet rundt bygningane. Det bør mellom anna hoggast ein del skog rundt bygga. Truleg trengst også nye gjerde rundt heile eller delar av området. Det vil bli arbeidd vidare med ein plan for dette, inkludert finansiering. Det er tale om til dels svær skog, som må takast varleg ned for ikkje å skade bygningane. Her må det truleg ekspertar på trefelling inn i biletet.

Det som kostar lite å få gjort

Ein tredje delprosjekt er å få til litt enkelt vedlikehald/rydding og aktiv bruk av staden. Her kjem «Bygland parkvesen» ved Olav Grendstad inn i biletet. Saman med grunneigarane vil han sjå på kva som kan gjerast av strakstiltak, utan at det treng å koste så veldig mykje i kroner og øre.

Fleire må få vite om – og oppleve – Hagen!

Innestova i Hagen. Foto.
Stova i Hagen. Foto: Geir Daasvatn

Initiativtakarane ser for seg å opne stoga i Hagen ganske fort for alle som måtte ha interesse av å sjå ho innvendig. Mest truleg kan det i første omgang skje som ein «open dag» nå i haust. Tidspunktet vil i tilfelle bli godt annonsert.

På litt lengre sikt kan det kanskje la seg gjere å ha Hagen open nokre dagar om sommaren? Til dømes nokre søndagar? Eller kva med ei lita brygge til Bjoren, nede ved fjorden, og ein tur på fjorden med innlagt Hagen-besøk??  

På sikt ser me som er «frivillige» i prosjektet også føre oss små tilstelningar i Hagen, som til dømes foredrag om husmannsvesenet i Setesdal eller liknande aktuelle tema. Her er det mest fantasien som set grensene. Men først må staden bli sett i såpass god stand at det er mogeleg å samle folk der.

Veneforening? DU trengst òg for å få dette til!

Ein tanke er om det er aktuelt å skipe ei veneforening eller noko liknande. Mange er glade i staden, og ønsker kanskje å hjelpe til med å halde han i stand som det verdifulle kulturminnet han er? Praktisk og/eller økonomisk. Det er ikkje alt dei offentlege instansane kan eller bør ha ansvar for å ordne aleine.

Alle er på same laget!

I det heile teke var møtet ei slags konstruktiv idémyldring av ypparste klasse og med god retning. Veldig mykje av konkrete tiltak kunne sjølvsagt ikkje avgjerast der og då. Nå arbeider fagfolka og dei ansvarlege i Bygland kommune, på Setesdalsmuseet og på Setesdal bygningsvernsenter vidare med dei stega det var semje om i første omgang. Kanskje kan/bør også fagfolk i fylkeskommunen koplast på. Me som er med som «frivillige» så langt, ser kva me kan få til på eiga hand. Sjølvsagt heile tida i full forståing med dei ansvarlege offentlege instansane og grunneigarane. Kjell og Roar ønsker verkeleg å bidra i prosjektet. Dei har alt gjort mykje bortrydding av kratt og anna på eige initiativ, i årevis etter det eg skjøner, og vil vere sterkt engasjerte i den vidare prosessen.

Det kanskje viktigaste å trekke ut av møtet, er at her var alle partar samde om målet – «eit revitalisert Hagen». Det er stor vilje til å kome vidare, og stor entusiasme rundt det å få til noko positivt i saman. Spele på same lag, som eg med min bakgrunn frå idretten gjerne brukar om det å få ting til i hop.

Nå blir det moro framover!

Personleg blei eg interessert i Hagen då eg fann ut at det var eit veldig fint fotomotiv for ein nybyrjar. Det er mange år sidan. Med tida er eg blitt glad i plassen. Dette «nye» prosjektet kan bli veldig gøy for mange, trur eg! Eg vil følge opp prosjektet med god informasjon her på Setesdalssida. Kanskje lagar eg også ei eiga «Hagen-side» på Facebook (eller Instagram el.) etter kvart. Me får bare sjå kva som skjer vidare, og kva slags behov det er for informasjon frametter.

Nå rullar i alle høve ballen for Hagen!

Spørsmål: Ta kontakt med Olav Grendstad på Stoga, Bygland

Del "Ballen rullar for husmannsplassen Hagen!"