Feleberget 3. januar 2020. Utsyn nordover mot Skomedal. Foto: Geir Daasvatn

Feleberget – Straumen

Feleberget ved Straumen i Bygland har namn etter dei to brørne Aslak og Alv Straumen.

Knut Alvson Moi (f. 1809, d. 1883) var ferjemann på Straumen, på austsida av Storstraumen i Bygland, frå 1844 til det kom bru over Storstraumen i 1858. Han var gift med Ingebjørg Aslaksdotter Austad (f. 1808). Ho var syster til storspelemannen Tarkjel Aslakson Austad. Dei hadde fem born saman. Familien hadde ein liten husmannsplass med noko jord på Straumen, i tillegg til inntektene frå ferjinga. Det var tronge kår.

«Borna til Knut og Ingebjørg må ha vore svært flinke», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt (bind VII, s. 319). Dei fekk gode attestar alle saman då dei blei konfirmerte.

Stykket held fram under biletet

Dei gamle husmurane på Straumen 23. mars 2024. Me ser nordover mot Skomedal
Straumen 23. mars 2024. Me ser nordover mot Skomedal. Foto: Geir Daasvatn

Feleberget

Sønene Aslak (f. 1837, d. 1859) og Alv (f. 1840, d. 1871) hjelpte til med ferjinga. Dei spela også fele. Dei hadde gode læremeistrar i Tarkjel Aslakson Austad, som altså var bror til mor deira Ingebjørg, og i grannen Nere Gunsteinson Nese. Nere var storspelemann som Tarkjel. Felespelet til Alv og Aslak er omtala i storverket til Johannes Skar, Gamalt or Setesdal.

I dag er skogen hoggen på Straumen. Me kan lett finne murane etter bygningane som ein gong stod her. Om me går nokre meter vidare nordover etter husmannsplassen, kjem me til eit lite nes som stikk ut i Bjåfjorden. Det er kalla Feleberget etter dei to brørne Aslak og Alv som sat her og spela.

Korleis gjekk det med familien?

Då brua kom over Storstraumen i 1858 var det ikkje lenger trong for å ferje dei reisande over fjorden. Knut måtte fråtre stillinga si som ferjemann. Det blei nokre svært vanskelege år for familien.

Aslak gifta seg i 1857 med Anne Bjørnsdotter Skomedal (f. 1838, d. 1860). Dei hadde ei dotter, Ingebjørg (f. 1857). Aslak døydde av tæring i 1859, knapt 22 år gamal. Mor Anne døydde på Straumen 19. juli 1860, bare 22 1/2 år gamal.

Våren 1861 reiste Knut og familien til Amerika, med unnatak av Alv. Dei som fekk utreiseattest var då Knut, kona Ingebjørg, døtrene Anne og Jorunn, sonen Bjørgulv og sonedottera Ingebjørg. Både far hennar og mora var som me har sett alt døde. Bjørgulv døydde av brystsjuke i Kristiansand, og rakk ikkje å bli med på Amerika-reisa. Han blei gravlagd i byen før resten av familien kom avgarde.

Alv reiste ikkje med til Amerika. Han slo seg i staden ned i Kristiansand. Han gifta seg i 1865 med Inger Regine Hansdotter Rabbersvik (f. 1842, d. 1925). Dei fekk to born saman, Karen Marie (f. 1863) og Ingeborg Hendrikke (f. 1866). Men heller ikkje Alv fekk leve lenge. Han døydde alt i 1871, rundt 31 år gamal, av tæring som dei andre brørne sine.

Eg har bare vore på Feleberget ein einaste gong. Eg undra meg då litt over namnet. Men nå har eg lært litt om historia, ved å lese omtalen av denne hardt prøva familien i Bygland gard og ætt, det framifrå storverket til Reidar Vollen. Neste gong eg er på Feleberget skal eg sitte heilt stille ytterst på berget og tenke på dei unge spelemennene Aslak og Alv, og resten av familien, som strevde med livet og fekk lite løn for strevet. Me lyt håpe at det gjekk godt for Knut og Ingebjørg og etterkomarane deira etter at dei kom til Amerika og busette seg i Manitowoc Rapids i Wisconsin.

Kjelde

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, s. 313–327

Del "Feleberget – Straumen"