Fennefossfjellet med utsyn utover Evjemoen og Otra 29. desember 2013. Foto: Geir Daasvatn

Fennefossfjellet turløype – topptur med nydeleg utsikt

Fennefossfjellet (490 moh.) ligg på vestsida av Otra like ved Evje sentrum. Toppen av fjellet er eit fantastisk utsiktspunkt, og turen opp til toppen er ei svært populær turløype.

Fjellet er karakteristisk fordi det har ein kvit einhjørning malt i fjellsida mot sør. På toppen er det ei mast for mobiltelefonkommunikasjon som kan sjåast på lang avstand.

Vegen til toppen av Fennefossfjellet

Turen til toppen kan starte frå:

  • Evje og Hornnes museum, Fennefoss, merka løype, traktorveg og stig ca 2,6 km, ca 1 times gange
  • Lia skule, merka sti, veldig bratt/litt klatring nokon steder, ca 1,1 km, ca 45 min gange. 2,2 km frå Fennefossmuseet via Lia skule (langs asfaltvegen til skulen)
  • Sykkeltur frå Evje sentrum ca 6,9 km på asfalt og grusveg (Åsvegen), bratt stigning opp til garden Ås frå fylkesvegen frå Krossen til Senum (vestsida av Otra)

Ynskjer du å ha med kart og info i papirform for Fennefossfjellet eller 14 andre turmål i Evje og Hornnes, kan du stikke innom bl. a. Turistkontoret på Evje i Evje og Hornnes bibliotek eller TrollAktiv på Syrtveit. Kartblada er gratis.

Sjå også

Fleire turforslag i Evje & Hornnes

Einhjørningen i Fennefossfjellet 2. oktober 2009. Foto: Geir Daasvatn

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Fennefossfjellet turløype – topptur med nydeleg utsikt"