Breistøl 21. oktober 2023. Foto: Geir Daasvatn

«Gamle» Breistøl – Hornnes

Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså – Neregarden på Kjetså i Hornnes.

Staden ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før du kjem til Tveit i Hornnes austfrå. Det er ein kort tur å spasere inn til Breistøl, eller sykle, men interessant og tankevekkande å vandre mellom dei gamle hustuftene og filosofere litt over det som ein gong var.

Litt historie

Breistøl er nemd som øydegard i 1794.

Den vidgjetne bjørneskyttaren Nils Olson Breistøl, som var fødd i 1808, er mellom dei som har budd på plassen.

Ein annan er sonen til Nils Breistøl, Lars Bristol (Lars Nilsson Breistøl). Han var fødd i 1848, og flytta til England og tok Bristol til etternamn. Han vart ein kjend oppfinnar. Sigurd Haugsgjerd skriv for tida bok om Lars Bristol. Det blir ei spennande historie!

Stykket held fram under biletet

Husmurane med kjellar. Foto.
Murane etter våningshuset med det som må vere kjellaren. Foto: Geir Daasvatn

Ein tredje er Lars Nilsson Breistøl, fødd 1846. Han var gift med Anna Jensdotter Breistøl (fødd 1861). Lars og Anna fekk 16 barn saman. Det var Nils, Gunhild, Randi, Anna, Jens, Ragnhild, Asbjørn (d. tre veker gamal), Asbjørn, Jorand, Olav, Kari, Albert, Salve, Targerd, Osmund og Anders. To av barna drog til Danmark og gifta seg der. Dei andre blei verande i bygda. Lars og Anna er såleis opphavet til ei stor slekt på Kjetså og andre stader.

I dag er «gamle» Breistøl for lengst flytta frå. Men du kan framleis sjå murane etter husa på staden. Eit gamalt uthus står framleis.

Korleis kjem du hit

Frå Kjetsåkrysset på Rv-9 på Hornnes tek du vestover mot Sveindal/Tonstad på Fv-42. På Kjetså tek du også vidare mot Sveindal. Du kjem forbi dei svære jorda og avkøyrsla til Hannåsfeltet/Hannåsmoen. Du skal fortsette mot Tveit. Rett før botnen av den lange Tveitekleiva går det ein skogsbilveg inn til venstre. Det er bomveg, så du må parkere bilen før bommen ein stad. Nå følger du bare vegen vidare til du kjem til Raualstjørnan. Der går det ein liten stikkveg inn til høgre, til eit gamalt grustak. Bak det grustaket ligg den gamle husmannsplassen.

Kor skogsbilvegen går ser du greitt på kartet nedanfor. Så du skal ikkje kunne ta feil av retninga. Eg vil rekne at det er 1-1,5 km frå Fv-42 inn til Breistøl, og altså ein spasertur på under 3 km t/r.

Om du synest turen er i kortaste laget, kan du kombinere med ein tur til Store Våkås rett i nabolaget.

God tur!

Kart over området

Kjelde

Du vil kanskje også lese

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "«Gamle» Breistøl – Hornnes"