Gang- og sykkelvegen over Breiflå 27. august 2023. Foto: Geir Daasvatn

Gang- og sykkelvegen over Breiflå under arbeid igjen

Arbeidet med å gjere ferdig gang- og sykkelvegen langs Riksveg 9 og Sykkelrute nr. 3 over Breiflå i Hornnes er i gang igjen 😀

Det er innskrenking til eitt køyrefelt på staden, og lysregulering.

Når vegen står ferdig, vil tryggleiken for gåande og syklande på denne staden vere sterkt forbetra.

Sykkelrute nr. 3

Eit fint poeng er også at då kan syklistane på Sykkelrute nr. 3 halde seg utanfor Rv-9 heilt fra Hannås i Hornnes til Storstraumen i Bygland. Med ei lita passering av riksvegen ved Storstraumen, kan dei via den nye gang- og sykkelvegen der kome seg inn på Åraksvegen på austsida av Åraksfjorden, og sykle vidare utanfor Rv-9 heilt til Straume i Hylestad.

På Helle er det ei ny kort passering, før ein er inne på den nye gang- og sykkelvegen mellom Helle og Rysstad. Frå Rysstad går det vel også gang- og sykkelveg vidare nordover, til krysset Rv-9/Brokke-Suleskarvegen og fram omtrent til Sylvartun på Nomeland.

Totalt er det ei strekning på over 90 km praktisk talt utan kontakt med riksvegen. Eit sykkeleldorado 🚴

Kart Breiflå i Hornnes

Del "Gang- og sykkelvegen over Breiflå under arbeid igjen"