Stova i Hagen. Foto: Geir Daasvatn

Hagen på Lauvdal – bli med inn!

Den nydelege, gamle husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland har mange av oss sett og beundra frå utsida, på veg oppover eller sørover i Setesdal.

Vegvaktaren Gunstein S. Lauvdal – den siste som budde i den vesle husmannsstoga – gjorde eit intervju med Setesdølen ca. 1982. Der gav han opplysningar som tyder på at han budde der minst til langt ut på 1970-talet. Sidan har det stått urørt i Hagen.

Eigarskapen til dei gamle bygningane og grunnen dei står på blei overført til Setesdalsmuseet og Bygland Tun (Bygland kommune) i 1984. Etter det eg veit har bygningane knappast vore opna opp for publikum etter det.

Innmarka rundt bygningane høyrer til Nordgarden på Lauvdal (Lauvdal, nordre, Roar Støbet Lande).

Sjølv har eg aldri sett stogehuset frå innsida, endå eg har vore forbi her minst 10–20 gonger for å prøve å ta nokre fine bilete av det flotte motivet. Sommar som vinter. Eg vil tru det same gjeld mest alle dykk andre også?

Nå i juli har ein liten gjeng som kallar seg «Bygland parkvesen» pent rydda vekk kratt og anna frå utsida av bygningane. I samband med det, har eg fått lov til å kikke inn i stoga. Det var veldig spennande.

Her er nokre glimt!

Del "Hagen på Lauvdal – bli med inn!"