Harald Haugland i Valle Radio. Foto: Valle Radio

Harald Haugland etter si siste sending i Valle Radio: Litt vemodig

Harald Haugland har vore frivillig og programleiar i Valle Radio mest sidan lokalradioen starta opp med sendingar i 1997. Onsdag kveld sa han takk for seg. Han har skrive dette fine innlegget på bloggen sin om den litt vemodige avgjerda. Me har fått lov til å legge ut teksten her på Setesdalssida óg. Overskriftene og lenkene er lagt inn av oss.

Blogginnlegg skrive av Harald Haugland, 7. desember 2022

I dag annonserte eg på lufta det som eg har tenkt på ei tid no, at eg vil slutte som programleiar i Valle Radio. Sendinga i kveld vart den siste eg har ansvar for, når Ørnulf Hasla set opp lista over dei som skal ha ansvar til neste år, vil eg ikkje vere på den lista.

På loftet saman med Hallvard Kjelleberg

Det er jo litt vemodig, for eg har vore med mest heilt frå vi starta med lokalradio i Valle. Det var Hallvard Kjelleberg som starta det heile, vi heldt til på loftet i det gamle kommmehuset der det var så trongt at folk som skulle vere med, måtte vente i trappa. Eg vart utfordra på om ikkje kyrkja hadde noko å bidra med, og det vart litt mykje, for vi tok opp gudstenester og sendte. Difor fekk vi tysdagen som sendedag, slik at ikkje heile programmet onsdagskveldane skulle gå til kyrkjestoff. I staden vart det ein andaktsrunde med Håvard Viki, Torleif Harstad og Bjørgulv T. Berg.

Flytta til Mandal

Tema for tysdagane vart kyrkje og kultur, og det førte Siri Johannessen vidare etter at ho overtok for meg då vi flytta til Mandal.

Eg har likevel halde fram med å vere programleiar og ansvarleg om lag ein onsdagskveld i månaden. Det har vore mogleg fordi teknologien har blitt utvikla mykje i denne tida. No kan folk høyre på Valle Radio over heile verda, og eg kan ha studio her i stova i Mandal. Internett endra mykje. Likevel, det er ei tid for alt, og no var det på tide å seie stopp.

Lukke til vidare i Valle Radio!

Eg vonar at Valle Radio framleis må halde på som ein munnleg kanal for kulturliv og samfunnsliv i Setesdal og verda over.

Bloggen til Harald Haugland

Du vil kanskje også lese:

Om Harald Haugland sitt arbeid med nettleksikonet Setesdalswiki

Del "Harald Haugland etter si siste sending i Valle Radio: Litt vemodig"