Harald Haugland i Valle Radio. Foto: Valle Radio

Setesdalswiki har runda 95.000 artiklar!

Nettleksikonet Setesdalswiki har runda 95.000 artiklar. Eit stort mål på sikt er 100.000 artiklar.

Artikkelen er først publisert på OpplevEvje.no 2. mai 2020. Han er oppdatert med nokre små endringar til dagens situasjon.

Eit nettleksikon er ikkje som eit trykt leksikon. Alt er ikkje gjort ferdig på førehand. 26. april 2009 blei den første artikkelen lagt ut på nettet. I dei 13 1/2 åra som sidan er gått, har talet på artiklar altså auka frå 1 til 95.000! Nye kjem til mest kvar dag.

Datoartiklar

Av dei 95.000 artiklane er rundt 81.000 datoartiklar; ein artikkel for kvar dag frå 1. januar 1800 fram til i dag. Dei fleste av desse artiklane er autogenererte, og utan anna innhald enn sjølve datoen og ein kalender. Men tid om anna blir det lagt inn historiske hendingar i dei eldre datoartiklane. I nyare datoartiklar blir kva som har skjedd i Setesdal den dagen skrive inn, så langt ein av skribentane på wikien er blitt kjent med hendinga. Etter kvart blir datoartiklane difor eit slags historisk arkiv over det som har skjedd i Setesdal.

Ordinære artiklar

Utsikten frå Horgeknipen nordover i Setesdal ein varm sommarkveld i 2014. Foto: Geir Daasvatn

Dei rundt 14.000 andre artiklane er artiklar om alle slags tema. Det er sjølvsagt ein stor og innhaldsrik artikkel om Setesdal. Det er også hovudartiklar om alle kommunane i dalen. Riksveg 9 og Otra er andre større artiklar. Det er eit stort tal med artiklar om personar, og svært mange artiklar om ulike verksemder i dalen. Kulturminne er det mykje om, og ikkje minst er det ei enorm mengde med artiklar om geografiske emne (vatn, dalar, elver, fjell, osb.). Det skal også nemnast at det etter kvart er blitt skrive mange artiklar om emne utanfor Setesdal, men som på ein eller annan måte er knytta til dalen. Såleis er Setesdalswiki på veg til å bli eit nettleksikon ikkje bare for Setesdal, men for heile indre Agder.

Bilete

I mange av artiklane vert det lagt inn eit bilete for å illustrere kva artikkelen gjeld. Det kan vere til dømes eit portrettfoto av ein politikar eller bedriftsleiar, eller eit bilete av fjelltoppen som er omtalt. Det nøyaktige talet på bilete på Setesdalswiki er ikkje kjent. Men det er i alle høve fleire enn 4.300. Såleis er Setesdalswiki også eit verdifullt biletarkiv for Setesdal.

Utsikten sørover frå Fennefossfjellet i Evje og Hornnes 29. desember 2013. Foto: Geir Daasvatn

Orden i kaoset

For å halde eit slags system på alt dette, blir kvar artikkel plassert i ein eller fleire kategoriar. Døme kan vere «Kulturminne i Bykle» eller «Personer frå Bygland kommune». Ved å bruke kategoriane aktivt, kan du ganske lett finne fram til det emnet du er ute etter. Ein annan god måte å finne stoff, er å rett og slett skrive inn eit søkeord i søkefeltet øvst til høgre på sida. Ein tredje måte – og ein svært givande ein – er å finne ein interessant artikkel, og deretter rett og slett å følge dei blå lenkene og sjå kva det fører til av ny kunnskap!

Feilretting

Sidan Setesdalswiki er eit nettleksikon, blir det aldri ferdig eller fullkoment. Vegen vert til mens ein går. Det er framleis ei enorm mengde med emner å skrive artiklar om. Ei anna utfordring er å få oppdatert eldre artiklar til dagens situasjon, eller å få retta feil som blir oppdaga. Målet er at leksikonet skal halde ein høg standard, og då må ein sjølvsagt heile tida vere på utkikk etter feil som bør rettast opp og artiklar som bør supplerast med nye opplysningar. Det som er fint med eit nettbasert leksikon, er at slike feil og manglar kan rettast enkelt og raskt. I papirleksikon som ein brukte før var den mogelegheiten stengt.

Blir Setesdalswiki brukt?

I april 2020 var det 38.000 besøk og 12.000 unike gjestar (ulike datamaskiner) innom Setesdalswiki. Det gir altså eit gjennomsnitt på 1200-1300 besøk kvar dag den månaden. Dette var noko meir enn tidlegare månader. Truleg hadde dette samanheng med korona-pandemien, og ekstra mange søk etter nyhende. I oktober 2022 var det 18.000 besøk, eller mest 600 kvar dag i gjennomsnitt. Om bruken held seg på eit slikt nivå framover, er det ikkje nokon tvil om at Setesdalswiki fyller eit behov, både når det gjeld nytte og kanskje glede.

Eit enorm dugnadsprosjekt

Setesdalswiki er eit dugnadsprosjekt, der kven som helst i prinsippet kan bli med i skrivinga. Det er nokre få, temmeleg faste bidragsytarar, og litt fleire som er med innimellom. Ansvarleg eigar av domenet, og ansvarleg redaktør, er Harald Haugland. Teknisk ansvarleg heilt frå starten i 2009 til no i haust var Helge Haugland, son til Harald. Helge døydde diverre 3. november, etter ei tid med sjukdom. Utan hans trufaste oppfølging hadde det truleg ikkje vore noko Setesdalswiki. Det er umogeleg å rekne ut kor mykje tid som blir brukt på denne dugnaden. Men for dei mest ivrige bidragsytarane er det tale om mange hundre arbeidstimar kvart einaste år. Det er nok bare dei som skriv sjølve som veit kva som ligg bak av innsats. Men det kan sikkert ikkje vere for mykje sagt; å hevde at det Harald Haugland har skapt her er eit lokalhistorisk storverk.

Komen for å bli!

Setesdalswiki blir pr. idag lest og brukt av mange. Lesarskaren er mangedobla sidan oppstarten i april 2009. Når dette er trenden, må me håpe at nettleksikonet for Setesdal vil eksistere lenge endå!

Eg opplyser for god orden si skuld at eg (Geir Daasvatn) som har skrive denne artikkelen, også er bidragsytar/skribent på Setesdalswiki.

Del "Setesdalswiki har runda 95.000 artiklar!"