Inger Lise Stulien og Knut Kjetil Møen under kulturkvelden på Furuly 21. februar 2023. Foto: Geir Daasvatn

Kjapt årsmøte og stor kulturkveld

Tysdag 21. februar gjennomførte Evje og Hornnes sogelag årsmøtet sitt på Furuly fleirbrukshus på Evje. Tradisjonen tru blei årsmøtet følgt opp av ein fin kulturkveld.

Leiaren i sogelaget, Erik Kjebekk, opna årsmøtet temmeleg presis kl. 18 og ønska alle velkomen. Det var oppimot 40 menneske som ville ha med seg møtet. Det må seiast å vere glimrande oppmøte i eit lag med for tida 164 medlemer.

Møtet blei raskt og effektivt avvikla, på mindre enn 45 minutt. Dei faste årsmøtesakene, som årsmeldinga og rekneskapen, var «plankekøyring». Rekneskapen var gjort opp med eit lite underskot. Det skuldast at sogelaget hadde gjeve ein eingongssum på 25.000 kroner til Røde Kors, til helpearbeid i Ukraina etter krigsutbrotet. Sogelaget har «pengar på bok», så det vesle underskotet var ikkje noko problem.

Då det kom til val blei det litt meir komplisert. Erik hadde takka nei til attval, etter åtte år i leiarstolen. Trass i mange iherdige forsøk, og ei enorm mengde telefonsamtalar, hadde det ikkje lukkast for valkomitéen å finne ein ny leiar til laget. Denne viktige posten blei difor ståande ubesatt. Styret vil såleis fungere som eit «interimstyre» fram til neste årsmøte. Styrearbeidet vil gå sin gang, og laget vil vere i full drift!

Takk for innsatsen!

Kasserar og sekretær Eva Haugen Sørgaard takkar Erik Kjebekk for åtte år med eineståande innsats som leiar av Evje og Hornnes sogelag. Foto: Geir Daasvatn

Erik blei høgtideleg takka for stor innsats og dyktig leiing av laget i dei åtte åra. Han heldt ein liten tale og forklarte kvifor han no hadde funne det rett å seie nei til leiarvervet vidare.

Ragnhild Ropstad (6 år) og Tor Idar Lund gjekk også ut av styret, og fekk fine blomar som takk for innsatsen for laget.

Det nye styret gløymte eg å notere på blokka mi. Så det kjem eg tilbake til litt seinare.

Med dei formelle årsmøtepostane ute av verda, fortalde Erik litt meir lauseleg om planane for komande år.

Det kan bli vandretur rundt til husmannsplassane under Evje prestegard i juli. Ein annan idé er ein tur inn til den spennande heiegarden Ånebjør, på Bygland grunn heilt inn mot grensa til Åseral. Det vil i tilfelle vere i august. Eit siste prosjekt er busstur til Nordbygdi i Bykle rundt midten av september, og om tida strekk til også ein svipptur innom Vatnedalsdammen i same rennet. Denne svære ekspedisjonen nordover i Setesdal tenker ein så å toppe med ein betre middag på Sølvgarden på Rysstad.

Alt dette er førebels planar. Grunneigarar må sjølvsagt konsulterast først, og mykje anna praktisk må avtalast. Meir informasjon om turane kjem i Setesdølen og andre stader når turane nærmar seg.

Den fine kulturkvelden

Etter eit lite kvarter med småprat og såkalla «mingling» som det vel heiter i finare lag, var det klart for kulturprogram på slaget kl. 19. Nå var Furuly mest fylt opp til randen.

Programmet starta med at Inger Lise Stulien og Knut Kjetil Møen song og spelte to vakre songar av Erik Bye og Mikis Teodorakis. Etter eit kort bordvers var det tid for matøkt. Nydelege rundstykke og wienerbrød fekk verkeleg bein å gå på innåt kaffien. Eg veit ikkje kven som hadde levert maten, men knallgode saker var det!

Etter maten stod eit lite lotteri med fine premiar for døra. Alle var nå i godlage etter den fine matøkta, og pengane sat laust. Så «ille» var det, at loddselgarane gjekk tome for lodd! Men lotteriet blei raskt og effektivt gjennomført, og programmet kunne kjapt gå vidare.

Inger Lise og Knut Kjetil kom nå tilbake på scenen, og framførte nokre fleire songar. Dei to er verkeleg eit samspelt «radarpar», etter mange år med musikalsk samarbeid. Me er heldige som har slike fine kunstnarar i bygda!

Husmannssonen og oppfinnaren Lars Bristol

Kveldens «hovedtalar» var bladstyrar Sigurd Haugsgjerd i Setesdølen. Sigurd er etter mi meining ein stor forteljar. Kåseriet hans om husmannssonen Lars Breistøl frå Kjetså i Hornnes som seinare blei ein kjend forretningsmann og oppfinnar i London – og heile verda – var engasjerande, spennande, lærerikt og iblanda ei passeleg dose humor. Ja, dette var topp historieforteljing!

Sigurd Haugsgjerd. Portrettfoto.
Sigurd Haugsgjerd kåserer over Lars Bristol på Furuly fleirbrukshus på Evje 21. februar 2023. Foto: Geir Daasvatn

Eg har skrive ei lita sak om kåseriet ein annan stad på Setesdalssida, så eg skal ikkje ta oppatt så mykje her. Du kan heller følge den raude lenka, og lese meir der.

Som ei avslutning er det ikkje mykje anna å seie enn at Evje og Hornnes sogelag er eit særs vitalt og aktivt, lokalt historielag, med utgjevinga av årsskriftet Arnstein som eit høgdepunkt før jul kvart år. Men denne kulturkvelden var sanneleg også ein «højdare»!

Del "Kjapt årsmøte og stor kulturkveld"