Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida

Maskingeværstilling på Sanden. Anlegg nr. 29 i rapporten. Foto:

Ved Byklestigen, på begge sider av Bykil, bygde tyskerane opp eit sterkt sperreanlegg under andre verdskrigen. Byklestigen var ut frå geografien på staden eit naturleg sperrepunkt. Terrenget gjorde omflankering av staden vanskeleg. Stillinga var rekna som eit særs sterkt sperreanlegg. Hovuddelen av stillinga var vendt mot sør. Tanken var å stanse ein fiende på veg […]

Kanonstillinga på Bjones i Bykle

På Bjones, rett nord for Byklestigen, ligg det att garasje og standplass for ein tysk panservernkanon under andre verdskrigen. Anlegget på Bjones var ein liten del av ei større sperrestilling i området rundt Byklestigen. Det var anlegg på begge sider av Bykil. Eg vil skrive meir om dei anlegga seinare om det høver seg slik. […]