Postvegen – Flateland bru

Brukar etter den gamle setesdalsvegen på Flateland 21. november 2023. Vinterfoto.

Køyreveg nordover frå Valle til Bykle kom først på 1870-talet. Flateland bru blei bygd om lag 1873. Den første ordentlege køyrevegen i Setesdal var køyrbar med hest og kjerre fram til Valle i 1844, og heilt ferdig i 1846. Han blei formelt avlevert i 1847. «Postvegen» var han kalla. «Naturleg nok tok det ikkje lang […]

Flatelandsmoen gravfelt – Valle

Flatelandsmoen gravelt. Foto.

Flatelandsmoen gravfelt på garden Flateland i Valle er det nordlegaste av dei store gravfelta i Setesdal. Det er om lag 40 haugar bygde av sand i feltet. Den største, Koshaug, er omkring 35 m i tverrmål og er ein verkeleg storhaug. Tradisjonen fortel at det var ein som heitte Kos som rydda opp Flateland. Koshaug skal vere gravplassen hans. Det er gjort […]

Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!

Kulturlandskap, Flateland, Valle. Foto.

Rygnestad og Flateland i Valle er frå 2021 med i det nasjonale registeret over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Frå før (2009) inngår området i satsinga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket». Anten du er interessert i historie, kulturminne, kulturlandskap eller «bare» synest ei god, gammaldags blomstereng er det finaste som finst, vil eit besøk her vere […]