Løylandsloftet – Grendi

Løylandsloftet (et stabbur). Foto.

Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi. Loftet stod opphaveleg på gardsbruket Graver på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret til Løylandsloftet sagt å vere 1604. Anders Dalseg ved Setesdals bygningsvernsenter opplyser på Facebook at det truleg er bygd 1582. Eige museum […]

Årdal kyrkje

Årdal kyrkje. Foto.

Årdal kyrkje ligg vest for Riksveg 9 i Grendi i Bygland. På vestsida av kyrkja ligg Byglandsfjorden. Ho er soknekyrkje for Årdal sokn i Bygland. Den åttekanta, tømra kyrkja vart bygd på Lande sin grunn i 1827-1828 av Anders Torson Syrtveit (og kjend som «Anders kyrkjebyggjar»). I 1988 fekk ho nytt våpenhus. Kyrkja har plass til 200 personar. Kyrkjegarden Den eldste delen av kyrkjegarden er rundt kyrkja. Eit nytt […]

Landeeika – eitt av Norges eldste tre!

Landeeika, Grendi, Bygland. Foto.

Landeeika er eit eldgamalt, kanskje 1000 år gamalt, tre i Grendi i Bygland. Det veks like attmed riksveg 9, eit par hundre meter sør for Årdal kyrkje. Landeeika skrivast óg som Landeeiki. I fylgje forfattar Nystad så var dette eit heilagt tre. Diameteren i rota skulle vera 3,5 meter. Alderen er noko uviss, men fagfolk meiner han ligg mellom 800 […]

Landeeika gjennom nok eit år!

Om bare to dagar kan Landeeika feire endå eit årsskifte. Nøyaktig kor mange det har vore, veit vel ingen. Men kanskje 600, 800 eller 1000?! Eg kom forbi Grendi i dag. Eg blei litt uroa, for Landeeika såg endå litt skakkare ut enn sist eg såg henne. Truleg var det bare synet – eller husken […]