Langerak kraftverk – røyrgata

Langerak kraftverk får vatnet sitt gjennom ei røyrgate som er 1200 meter lang frå inntaksdammen i Longeraksåna bratt ned dalsida til stasjonen. Kraftverket på Longerak er berømt, og eit verdfullt kulturminne. Røyrgata som fører vatnet ned til vassturbinen er mindre påakta. Men ho er eit imponerande kunstverk i seg sjølv. Heldigvis har Kathe Merete Kjetså […]
Det første kraftverket på Hovden

Det kom kraftverk på Hovden alt i 1937, då det første Hovden Høyfjellshotell blei bygd. «Då Hovden Høyfjellshotell opna sommaren 1937, så var det eit luksushotell av dei sjeldne», skriv historikar Johnny Haugen i ein stor artikkel om hotellet i Setesdal og setesdølar, årsskriftet for Setesdal Sogelag (2015, s. 70–80). Det var ikkje offentleg straum […]
Kirkebygdens elektriske Anlæg – Åseral

Dette var eit kraftverk i Monn i Rjukanliæ, ein kilometers veg nord for Kyrkjebygd. Kirkebygdens elektriske Anlæg blei bygd alt i 1914. Planane var utarbeidde av ingeniør Chr. Larsen. Det blei bygd tilsaman ei halv mil med luftledning. Kraftverket gav straum til 348 glødelamper. I 1919 ville eigarane selge kraftverket og fallrettane til kommunen for […]
Langerak kraftverk

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Det spesielle kraftverksbygget er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Er du i området likevel, til dømes for å gå i turløypa opp til Snipa, har du ein ekstra god grunn til å studere praktbygget litt nærare. Det ligg i skogen, rett på oversida av Riksveg 9. Kraftverket […]