I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø

Gamle setesdalsvegen i Vassåsdalen 15. august 2024. Foto.

I Vassåsdalen, den lange bakken frå Skarpengland oppover mot Sandripheia i Øvrebø, ligg to sløyfer av den gamle setesdalsvegen att langs bekken på austsida av Riksveg 9. Køyreveg for hest og vogn oppover i Setesdal kom på første halvdel av 1840-talet. Frå Kristiansand og nordover blei det bygd køyreveg noko tidlegare. Nordover frå Skarpengland kom […]

Postvegen – Vennesla

Linbekk steinkvelvbru 26. mars 2024. Foto.

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Dette er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til dei stykka på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Vennesla. Her sør for Setesdal er det truleg meir vanleg å omtale vegen som «gamle setesdalsvegen» eller «byvegen». For mitt føremål er det […]

I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø

Nedre del av Lintjønnkleiva med Lintjønn bru 26. mars 2024. Foto.

Lintjønnkleiva var ein bakke på den gamle setesdalsvegen, rett sør for Reiersdalskleiva, i Øvrebø i Vennesla. Denne gamle, bevarte vegstubben ligg på vestsida av Riksveg 9, mellom Lintjønn og riksvegen, når du køyrer oppover bakkane etter å ha passert krysset der det går veg innover mot Reiersdal og Tjomsås. Køyrevegen (kjerrevegen) i kleiva her blei […]

I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø

Dei to gamle traseane i Reiersdalskleiva. Foto.

Reiersdalskleiva er eit vegstykke på den gamle Setesdalsvegen på Reiersdal i Øvrebø i Vennesla. Den første traseen her blei bygd 1829–1833. Han var i bruk til 1884 («Gamle Reiersdalskleiva»). Då kom det ein ny trase litt høgare oppe i terrenget («Nye Reiersdalskleiva»). Denne nye kleiva var i bruk til 1965, då vegen blei flytta litt austover til der Riksveg 9 går […]