Postvegen i Toptenesbakken

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal. Over Toptenes like sør for Frøysnes blei vegen bygd rundt 1842. Alt i 1833 la vegmeister Georg Daniel Barth Johnsen fram den fyrste planen om veg oppover i Setesdal. I 1839 løyvde Stortinget pengar til vegen. «Arbeidet gjekk etter måten […]
Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Toptenes langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Toptenes stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre […]