© 2022-2026

© 2022-2026

Nistog-kverna på Rygnestad

Kvernhuset til Nistog Rygnestad i haustfargar. Foto

Rygnestad-gardane hadde kvernhusa sine i Rygnestadåne. Berre Nistog si kvern står att i dag. Eit unnatak var kverna til Nordstog, som stod i bekken som renn ned sør for husa der. Det er like vest for Rygnestadtunet. Alfred Ryningen gjer nærare greie for kvernene på Rygnestad i gards- og ættesoga for Valle (bind VI, utgjeve […]

Kvernspor langs Faråne i Hylestad

Kvernhuset som står ved Faråne i dag. Foto.

Langs Faråne i Hylestad hadde gardane Brokke, Berg og Haugeland kverner. Berre eitt kvernhus står att i dag. Kvernene stod på nordsida av elva, på Brokke-sida. For Brokke sin del er det i kjeldene nemnt «kverner til husbruk» frå 1661. Truleg har garden hatt kvern også før den tid. Brokke var ein storgard og det […]

To fine kvernhus i Kåvåne

Kvernhuset til Nomeland bnr. 1 langs elva, litt på avstand. Foto

Godt skjult i eit juv på nedsida av Riksveg 9 ved Kåvåne i Hylestad står to gamle, fine kvernhus og minnar om ei tid som er forbi. Dei to kvernhusa høyrer til Nomeland (gnr. 64 i Valle kommune). Retten til å male her hadde dei kjøpt frå bøndene på Uppstad i gamal tid, skriv Alfred […]

Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume

Kvernhuset til bnr. 8 på Straume 26. oktober 2025. Foto.

Langs Kvinnåne på Straume i Hylestad står tre gamle kvernhus att til minne om kvernverksemda som var så viktig i det gamle landbruket. Valle var den beste kornbygda i Setesdal. Mest kvar gard hadde sitt eige kvernhus der dei mol kornet til mjøl. Kornslaget var i hovudsak bygg. Malinga gjekk føre seg haust og vår […]

Kvernebekken Gryte i Valle

To gamle kvernhus langs Gryte 26. oktober 2025. Huset t.v. skal vere Nistog sitt. T.h. Systog. Foto

Tilbake i tid var det alt-i-alt minst 13 kvernhus langs bekken Gryte i Valle. Sju av dei står framleis att. Valle var den beste kornbygda i Setesdal. Mest kvar gard hadde sitt eige kvernhus der dei mol kornet til mjøl. Kornslaget var i hovudsak bygg. Malinga gjekk føre seg haust og vår medan det var […]

Kvinnebekken på Dale

Innistog Dale-kverna 12. august 2025. Foto.

I skogen langs Kvinnebekken på Dale i Valle står to gamle kvernhus og minnar oss om den gamle kvernkulturen som var eit viktig ledd i dagleglivet i Setesdal gjennom fleire hundre år. Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.