Kvernhuset til Nistog Rygnestad 8. oktober 2025. Foto: Geir Daasvatn
Rygnestad

Valle

Nistog-kverna på Rygnestad

Rygnestad-gardane hadde kvernhusa sine i Rygnestadåne. Berre Nistog si kvern står att i dag.

Eit unnatak var kverna til Nordstog, som stod i bekken som renn ned sør for husa der. Det er like vest for Rygnestadtunet. Alfred Ryningen gjer nærare greie for kvernene på Rygnestad i gards- og ættesoga for Valle (bind VI, utgjeve av Valle kommune, 1987, s. 283).

Nistog-kverna skal vere bygd så seint som i 1921, jf. SEFRAK-registeret. Utforminga er som ei tradisjonell setesdalskvern, med grunnflate om lag 3,30 m x 2,80 m. Det er lagt eit bølgeblekktak på kvernhuset i nyare tid. Ved kulturminneregistreringa i 1977 hadde huset torvtak.

Ovanfor kvernhuset kan me framleis sjå restar av trestokkane i vassrenna som førte vatnet ned på kvernkallen.

Les også: Kornet – frå åkeren til kverna

Restar av vassrenna til Nistog-kverna. Foto: Geir Daasvatn (2025)
Baksida av kvernhuset. Me kan framleis sjå kvernkallen (i midten) og lettestokken (t.v.). Foto: Geir Daasvatn (2025)

Fleire kvernminne

Kvernminne – litteratur og kjelder
Kvernhusa langs Bjørnaråni
Kornet
Kverntufta under Håtveitfossen
Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Kvernhuset ved Kvernåna på Austad
Ramselikverna frå Øvre Dåsvatn
Kvernene på Sordal
Kverntufta på Stigemo
Kvinnebekken på Dale
Vodden Nesland-kverna i Huldreheimen
Kvernspor langs Faråne i Hylestad

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.