Breilandkverna 27. juni 2026. Foto: Geir Daasvatn
Austad

Bygland

Den fine Breilandkverna langs vegen på Austad

Tett attmed vegen på Austad i Bygland står det gamle kvernhuset til Breiland.

Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.

Kvernene på Austad

Austad var det kvern iallfall frå 1614. På 1700-talet var det jamnt fem kverner til saman på Nordre Austad og Søndre Austad. Reidar Vollen gjer grundig greie for kvernene på Austad i Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, s. 27–28. Eg syner til framstillinga der.

Breilandkverna

Kvernene på Austad låg ved Kvernåna, langt sør på garden. Her stod også kverna til gardsbruket Breiland. Breiland er bnr. 4 på Søndre Austad. Eigar frå 1974 er Knut A. Austad (f. 1953).

Ved SEFRAK-registreringa i 1985 (supplert 1995) er byggeåret til kverna sett til rundt 1854. Ho skal ha vore i drift til 1951.

Ein gong etter registreringa, men før 2005 (Bygland gard og ætt, III, s. 28), er kverna flytta frå Kvernåna ned til fylkesvegen der ho står i dag (2026). Taket som var dårleg ved registreringa i 1985 er reparert. Kverna er eit vakkert og viktig vitne om ei tid som var.

Les også: Kornet – frå åkeren til kverna

Kverna 22. januar 2018. Foto: Geir Daasvatn

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!

Fleire kvernminne

To fine kvernhus i Kåvåne
Kvernhusa langs Bjørnaråni
Kvernspor på Moi
Kverntufta i Mjunåne på Skomedal
Vodden Nesland-kverna i Huldreheimen
Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Ramselikverna frå Øvre Dåsvatn
Kvernspor på Birkeland
Kvernebekken Gryte i Valle
Kvinnebekken på Dale
Kornet
Nordenåkverna – Åraksbø

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.