Tufta etter kvernhuset i Mjunåne på Skomedal. Me skimtar Riksveg 9 i bakgrunnen. Foto: Geir Daasvatn (2026)
Skomedal

Bygland

Kverntufta i Mjunåne på Skomedal

Gardsbruka på Skomedal hadde kvernhusa sine i Skomåne, sør for busetnaden. Eit unnatak var Nørstevodd, som hadde kvern i Mjunåne nord for garden.

Reidar Vollen gjer greie for kvernene på Skomedal i Bygland gard og ætt (bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, s. 328–329). Landkommisjonen 1661 nemner at det var to kverner på Skomedal då. Om ei av desse var Nørstevodd (bnr. 2) si er ikkje sagt. Seinare – utover på 1700-talet – ser det ut til å ha vore opp til fire kverner.

Kvernhusa stod i Skomåne. Men det var eit unnatak. Kverna til Nørstevodd stod i elva nord for garden. Det må vere Mjunåne. Eg finn ikkje opplysningar om den kverna i SEFRAK-registeret. Når kverna blei sett opp veit eg difor ikkje. Men i den nemnte utgreinga i Bygland gard og ætt er det sagt at ho visstnok var i bruk så seint som under andre verdskrigen.

Stykket held fram under biletet

Kvernhuset som står i Nørstevodd i dag (2026). Det er fint restaurert og verkeleg flott! Foto: Geir Daasvatn (2017)

Der heiter det også at kverna framleis er i god stand. I Mjunåne er det bare tufta med haldestein og andre spor som er att. Det får meg til å tru at kvernhuset som står like på sørsida av våningshuset i Nørstevodd i dag er den same kverna som opphaveleg stod i Mjunåne. Eg «forskar» ikkje noko synderleg på alle detaljer kring det eg ser ute i skogen på fototur. Eg kan difor ikkje seie sikkert at det er slik. Men eg skal nok med tid og stunder finne ut av det.

Les også: Kornet – frå åkeren til kverna

Kverntufta ved Mjunåne. Foto: Geir Daasvatn (2026).

Fleire kvernminne

Ramselikverna frå Øvre Dåsvatn
Dei to kvernhusa i Trydalsbekken
Kvernspor langs Faråne i Hylestad
Kvernhusa langs Bjørnaråni
Kvernebekken Gryte i Valle
Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord
Kornet
Kvernhuset ved Kvernåna på Austad
Kvernhuset i Lislestog
Nordenåkverna – Åraksbø
Kverntufta på Stigemo
Kvernspor på Birkeland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.