Minne frå ei svunnen tid. Systog Trydal-kverna like ved Postvegen, den fyrste ordentlege køyrevegen oppover til Bykle. Bak kvernhuset skimtar me Riksveg 9. Foto: Geir Daasvatn
Trydal

Bykle

Dei to kvernhusa i Trydalsbekken

I Trydalsbekken som renn ut av Trydalstjønna i Bykle står to ærverdige gamle kvernhus.

Det øvste ligg like nedanfor krysset Riksveg 9/Trydalsvegen (den gamle setesdalsvegen). Det høyrer til Stigamoen-Nordstog (Moen), står det på registreringskortet i SEFRAK-registeret. Nordstog er for lenge sidan opphøyrt som eige bruk og slege saman med Der inne (gnr. 17, bnr. 1) (Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, bind V, utgjeve av Bykle kommune, 2006, s. 147). Kverna skal vere frå 1700-talet.

Stykket held fram under bileta

Kverna til Stigamo/Nordstog i vinterdrakt. Foto.
Kverna til Stigamo/Nordstog/Der inne (2017). Foto: Geir Daasvatn
Den same kverna den same kvelden, 2. joledag 2017. Foto: Geir Daasvatn
Kvernhus i Trydal ca. 1894. Eg trur huset t.v. er det same som på dei to bileta like ovanfor, men eg tør ikkje vere skråsikker. Landskapet har endra seg enormt på desse meir enn 100 åra. T.h. ser me den fyrste køyrevegen mellom Valle og Bykle som var ferdig til Bykle kyrkje i 1879. Foto: Knud Knudsen/Universitetsbiblioteket i Bergen

Kverna til Systog Trydal

Litt lenger nede langs bekken, lett sjåeleg frå Rv-9, ligg kverna til Systog Trydal (gnr. 17, bnr. 2). Årstalet 1648 skal vere skjert inn i ein stokk. Men i 2020 er det utført dendrokronologisk undersøking av prøver som var teke ut av fleire stokkar i kvernhuset. Prøvetakar var Anders Dalseg, Setesdalsmuseet/Setesdal Bygningsvernsenter. Dei fleste prøvene synte seg då å vere frå tre som er felt ca. 1740 (Niels Bonde og Claudia Baittinger, NNU Rapport 56 – 2020, Dendrokronologisk undersøgelse af prøver udtaget fra tre bygninger på Trydal, Bykle kommune, (Aust)Agder fylke, Norge).

Kverna blei siste gong brukt under andre verdskrigen, ca. 1942, av dåverande eigar Olav T. Trydal, skriv Knut Ove Hillestad i Landskap og utvikling, NVE sin publikasjon nr. 18 i serien Kraft og miljø, 1990 (s. 42).

Bekkekvernutvalet, som var utnemnt av Statens Kornforretning, arbeidde i åra 1955–1965 for å restaurere og bevare nokre av dei gamle kvernhusa i Noreg. I sluttmeldinga si i 1965 skreiv utvalet at det bare hadde hatt høve til å medverke til at eitt einaste kvernhus i Setesdal blei bevart. Det var Systog-kverna i Trydal.

I SEFRAK-registreringa frå 1983 er det notert at huset var pussa opp med nytt golv m.v. Om det syner til den restaureringa som Bekkekvernutvalet medverka til på 1960-talet eller eit seinare arbeid veit eg ikkje. På 1980-talet stod huset med open dør med eit jerngitter framføre. Det fungerte som eit lite museum for seg sjølv. Sist eg var forbi stod gitteret der framleis.

Kvernhuset er omtalt i Bykle kommune sin kulturminneplan for 2016–2019 (s. 3). Der står det at det nyleg er restaurert.

Les også: Kornet frå åkeren til kverna

Systog Trydal-kverna sett frå Riksveg 9 (2018). Som me ser er kverna grundig restaurert. Kvernkallen er på plass! Eit verdfullt og vakkert kulturminne. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kvernminne

Ramselikverna frå Øvre Dåsvatn
Kvernene på Sordal
Kvernminne – litteratur og kjelder
Nistog-kverna på Rygnestad
Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord
To fine kvernhus i Kåvåne
Kvinnebekken på Dale
Nordenåkverna – Åraksbø
Kvernhuset i Lislestog
Kvernspor langs Faråne i Hylestad
Kvernhusa langs Bjørnaråni

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.