På det meste var det fem kverner på Moi i Bygland. Dei stod i Kvennåna, eit stykke oppe i elva, om lag 800–1000 m opp frå jordet. Den siste kverna var i bruk under andre verdskrigen.
Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.
Kvernene på Moi
Reidar Vollen gjer greie for kvernene på Moi i Bygland gard og ætt (bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, s. 468). Den fyrste er nemnt i lensrekneskapen for 1621/1622. Landkommisjonen i 1661 nemner også ei bekkekvern. I jordeboka frå 1670 er det blitt tre kverner. I 1770 og 1777 fortel kjeldene at alle bruka på Moi hadde kvar si kvern, totalt fem stk. Frå 1784 var det berre fire.
«Olav Tellefson Moy (f. 1897, d. 1976) var den siste som hadde kvern på Moi», fortel Reidar. Ho var i drift under andre verdskrigen. Det var eigentleg kverna som høyrde til bnr. 1. Olav Tellefson budde i Hovet (bnr. 7), men tok over bnr. 1 fyrst på 1950-talet. Du kan lese meir om han og familien i Bygland gard og ætt (bind II, s. 536–537).
Kvennåna på Moi på Norgeskart.no
På leiting
Eg har vore ein tur langs Kvennåna på Moi og leita etter spor etter kvernene. Eg har funne to tufter som eg er meir eller mindre sikker på må vere kverntufter. I den eine, som du ser øvst i stykket her, er det ein del trerestar. Det kan kanskje tyde på at det er tufta etter kverna til Olav Tellefson Moy, den siste som var i bruk.
Det er også opplødde stein, trerestar, utgravingar og anna langs elvekanten som truleg er spor etter vassrenner og stemmar som høyrde til kvernene.
At eg berre har funne to kverntufter langs elva tyder såvisst ikkje at det ikkje er fleire. Nokre kan rett nok vere borte for godt. Kvernene stod i røffe omgjevnader nær elva. Store flaumar og andre naturhendingar opp gjennom årtidene kan ha «vaska vekk» både kvernhus og hornsteinar. Men eg er ganske ny i «faget» og har «tabba meg ut» mange gonger med å ikkje leite godt nok. Kanskje finn eg ein gong fleire kvernminne på Moi!

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!